Desse sleit seg gjennom 130 kilometer

186 syklistar gjennomførte tidenes første Nordfjordritt.

– Folk har vore svært godt nøgde på alle måtar, seier rittleiar Dag Arne Eide.

Nordfjordrittet er eit splitter nytt landevegsritt i ein utfordrande løypetrasé som går rundt Nordfjorden. Den samla stigninga er på om lag 2000 meter.

Rittet startar på Lote. Etter sju kiloeter langs fjorden går stigninga oppover mot fjellandskap. Frå Stryn er det fire mil flat veg langs fjorden, før ein i Utvik startar den lengste samanhengjande stigninga opp mot toppen av Utvikfjellet, ni kilometer og 600 høgdemeter.

Frå Byrkjelo går det stort sett på E39 til ein kjem i mål på Sandane.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

GLIMT FRÅ TUREN. Foto/redigering: Arne Vik

Ein enorm dugnadsinnsats

– Det var ein gjeng som tok initiativ til dette i fjor, og sidan har ballen berre rulla. Vi har jobba jamnt med dette i heile år, og tykkjer vi har fått til noko bra. Vi har ein profil som vi håpar er litt annleis, seier Eide.

Men det ligg ein enorm dugnadsinnsats i botn for å klare å arrangere eit så stort ritt. Kor mange dugnadstimar som ligg bak, torer ikkje Eide å spekulere i.

– Men det er mange. Og at vi var nær 100 personar som var med for å arrangere i dag, det er ikkje å ta for hardt i, seier Eide.

Nordfjordrittet har ikkje tenkt å kvile på laurbæra.

– Det er lagt ned eit godt grunnlag. No håpar vi at dette vidareutviklar seg til neste år, seier Eide.