Hopp til innhold

Nordfjord Kjøtt kan tene på Bø

Nordfjord kjøtt i Stryn kan ha skote gullfuglen når dei bestemte seg for å sponse skiskyttaren Tarjei Bø.

Tarjei Bø

GULLVINNAR: Medan Tarjei Bø har blitt verdsmeister fleire gonger, kan også sponsor Nordfjord Kjøtt nyte godt av at gullbørsa har fått vist seg fram på TV.

Foto: NRK1/skjermdump

Den unge stryningen kjem heim frå VM i skiskyting med fem medaljar – tre gull og to bronse.

Nordfjord Kjøtt som har hatt logoen sin på børsa til skiskyttaren, kan også tene gode pengar på suksessen.

- Dette har verdi fordi eksponeringa av reklamen gjer det meir truleg at folk vil føretrekkje dette produktet framfor andre, seier reklameekspert, Hans Mathias Thjømøe.

Har sponsa Tarjei i fleire år

Millionar av sjåarar fekk sjå det på TV då Tarjei Bø skaut seg til gull i VM i Sibir. Og det ikkje berre ein gong, men tre.

Medan 22-åringen sjølv let tårene trille etter den første verdsmeistertittelen, kunne stolte sponsorar gni seg i hendene heime i Stryn.

For på sida av gullbørsa står logoen til Nordfjord Kjøtt.

- Vi har sponsa han i fleire år. Det er ganske utruleg at ein så ung mann kan gjere det så bra, så tidleg, seier dagleg leiar Geir Egil Roksvåg i Nordfjord Kjøtt stolt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geir Egil Roksvåg, dagleg leiar i Nordfjord kjøtt

STOLT: Geir Egil Roksvåg i Nordfjord Kjøtt er stolt sponsor av Tarjei Bø. Det kan dei også tene gode pengar på.

Foto: Per Thrana

Kan ha skote gullfuglen

Tjømøe er ekspert på sponsing og effekten av sponsing. Han er ikkje i tvil om at Nordfjord Kjøtt har gjort lurt i å setje pengar på Bø.

- I tillegg til eksponering vinn dei på den andre mekanismen ved reklame, nemleg assosiasjonar. Profilen til skiskyttarane og Bø, og profilen til Nordfjord Kjøtt smittar over på kvarandre, forklarar reklameeksperten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tarjei Bø

VERDSMEISTER: Tre gull og to bronse er det Tarjei Bø kan smykke seg med etter VM i skiskyting i Sibir.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Trur Bø kan auke salet

At Tarjei Bø vart verdsmeister er ekstra gode nyhende for den lokale kjøttprodusenten.

- Det har mykje å seie at Bø vart verdsmeister. Han viser seg som endå flinkare enn før, og gullvinnarane vert også meir eksponert enn dei andre, seier Tjømøe.

- Kan ein vente at Nordfjord Kjøtt vil selje meir enn det dei gjorde før Tarjei Bø vart verdsmeister?

- Ja, men ikkje med ein gong. Det tar tid før ein ser effekten, så ein vil nok ikkje sjå den første halvår, men heller i andre halvår.

I Stryn er Roksvåg heilt klart på at dei vil fortsetje å sponse gullguten i kommunen.

- Det er heilt klart at vi vil, ja, seier Roksvåg.