– Vi har ei kjensle av å ha blitt høyrde. Den nye avtalen er langt betre enn den gamle. Eg er heilt sikker på at foreldra våre no skal få vere mykje meir saman, seier Eli Ånnøy Føleide.
Ho er dotter av ekteparet Føleide og er glad den fortvilande situasjonen ser ut til å ha blitt løyst. For etter å ha vore gift og ha budd i lag i 56 år, har livet blitt snudd på hovudet for foreldra: Hjørdis er dement og treng å bli skjerma – Magne er dårleg til beins.
Dei siste åra har ekteparet hatt rom i kvar sin etasje på Flora omsorgssenter, og det har ikkje vore lett å få til besøk. Ein samværsplan har lagt opp til at ekteparet skal sjå kvarandre tre gongar i veka, noko som svarar til berre to timar og eitt kvarter til saman.
- Bakgrunn:
Ordføraren involverte seg
Dei pårørande søkte difor kommunen om å få flytte Magne Føleide ned ein etasje, slik at det skulle bli lettare og mindre tidkrevjande for både tilsette og pårørande å hjelpe ekteparet med besøk. Men kommunen sa nei. Heller ikkje ein klage til fylkesmannen førte fram.
Då gjekk dei pårørande til media med historia si. Same dag var ordføraren på tråden. Han ville gjerne ha eit møte med partane. Ballen byrja å rulle.
– Vi vart godt møtt då vi gjekk til dette skrittet. Saman har vi hatt fokus på å finne løysingar innanfor dei rammene vi har, seier Eli Ånnøy Føleide.
Håpar på flytting
Ekteparet har no fått ein ny samværsplan, der omsorgssenteret skal leggje til rette for daglege samvær så lenge helsetilstanden tillet det. Førebels får ikkje Magne Føleide flytte ned ein etasje, men dei pårørande har tru på at det kan bli mogleg å få til seinare.
– Institusjonen har ein kabal å ta omsyn til, og det har vi stor forståing for. Det er dessutan ikkje presserande her og no. Vi er nøgde med den avtalen vi har fått, seier Eli Ånnøy Føleide.
– Vi har hatt gode samtalar og fått avklart utfordringane. Som kommune og omsorgsteneste har vi alltid noko å lære. Slik ting må vi ta til etterretning og gjere betre, seier pleie- og omsorgssjef Ragnhild Holm.
– Må tenkje annleis
For dei pårørande til ekteparet Føleide sat det langt inne å gå til media med historia si. No håpar dei at erfaringane deira kan komme andre til nytte.
– Vi har blitt kontakta av mange andre i liknande situasjonar, og eg trur dette er ein debatt som berre vil bli større i åra som kjem. Kanskje må ein tenkje litt annleis om ektepar som treng omsorg på éin og same institusjon. Det er nok ikkje siste gongen ein kommune er i ein slik situasjon, seier Eli Ånnøy Føleide.
- Les også: