Hopp til innhold

No startar dei arbeidet på nye E39

Byggearbeidet på E39 forbi Sande i Gaular og sørover er i gang. No ventar ein tre år lang byggjeperiode.

Byggjestart på E39 i Gaular

SIKRAR OMRÅDET: Her blir det montert fanggjerde på nordsida av den planlagde tunnelen.

Foto: Svein Reidar Dale

Det er strekningane Dregebø-Grytås og Sande-Birkeland som skal byggjast ut. Prosjektet har ein prislapp 575 millionar kroner skal stå klart våren 2016.

Prosjektleiar Svein Reidar Dale seier utbygginga er etterlengta og at dei gler seg til å komme i gang.

– Vi har starta med sikring og fjellreinsking som førebuing for tunnelen ved Økslandsvatnet. Dette arbeidet skal halde fram til midten av oktober.

I starten av september går anbodsrunden for brua over Gaula ut. Dale håper dei har entreprenør på plass frå slutten av oktober. Brua blir om lag 100 meter lang og det skal byggjast undergang og rundkøyring.

– Byggetida for dette er rekna til eitt år. I løpet av desember blir hovudentreprisen for dei to parsellane Dregebø-Grytås og Birkeland-Sande lyste ut. Heile anlegget er venta å stå ferdig våren 2016, seier han.