Hopp til innhold

No er EU-kontrollen ditt ansvar

I juli vart det slutt på automatisk innkalling til EU-kontroll av bilar. NAF fryktar for trafikktryggleiken.

Mann og bil

Illustrasjonsfoto.

Foto: Martin Kierstein

Berre dei siste to månadane er 36 000 færre bilar kontrollerte, samanlikna med same periode i fjor.

- Det er ikkje like enkelt som tidlegare, at du fekk brev i posten som sa når du skulle inn til EU-kontroll, seier Øyvind Dvergdsal i NAF Sogn og Fjordane.

Får konsekvensar

Dermed er det bileigar sitt ansvar å passe på når bilen skal inn til EU-godkjenning. Om du ikkje klarer det, kan du få ei kjedeleg overrasking med avskilta bil. NAF fryktar i tillegg farlegare køyrety.

- Det blir ein konsekvens om folk ikkje kjem med bilen sin, seier Dvergsdal.

Kan hjelpe

Dvergsdal seier NAF ser utfordringa med at bileigar sjølv skal passe på å få bilen sin EU-godkjent. På nettsidene deira inviterer NAF bileigarane til å registrere bilnummer, epostadresse og telefonnummer for å bli minte på kontrollen.

- Du forpliktar deg ikkje til å bruke oss og står fritt til å velje kontrollstad. Vi ser veldig god respons, seier Dvergsdal.