Hopp til innhold

Nektar å betale for falske alarmar

Medan andre betaler for utrykking til falske alarmar, nektar Vegvesenet å betale når den automatiske brannalarmen går i tunnelane på Strynefjellet.

Brannsjef i Stryn, Jarle Dragesæt

FRUSTRERT: Brannsjef Jarle Dragesæt i Stryn vil ikkje lenger ta utgiftene til utrykking etter falske alarmar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi kan ikkje vere vaktmeister for Vegvesenet og sjekke ut alarmane deira, utan at dei betaler, meiner brannsjef Jarle Dragesæt i Stryn.

Det er Sunnmørsposten som onsdag skriv om saka, der automatiske brannalarmar kostar brannvesenet i Stryn dyrt.

– Kan ikkje vere vaktmeister

Brannalarmen slår automatisk ut når noko skjer med brannsløkkingsapparat i tunnelar – som når dei blir stolne eller køyretøy riv dei ned. Då rykkjer brannvesenet ut, med dei kostnadene det medfører.

Før jul sende Stryn kommune rekning til Vegvesenet etter ei utrykking som viste seg å vere falsk alarm. Men Statens vegvesen avviser kravet og viser til at brannvesenet skal rykkje ut ved melding om brann.

– Vi veit at vi skal rykkje ut ved melding om brann, men vi kan ikkje vere vaktmeister for Vegvesenet, kommenterer Dragesæt overfor Sunnmørsposten.

Foreslår å endre rutinane

Denne veka har brannsjefen teke saka opp med DSB–Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. Han håpar dei kan avklare problematikken med Vegdirektoratet.

NRK.no har ved fleire tidlegare høve sett fokus på kostnadene til brannvesenet i Aurland, som titt og ofte opplever falske alarmar i tunnelane langs E16.

Dragesæt meiner ei løysing kan vere å fjerne alarmane som brannmelding.

– Alarmane var flotte for 20–30 år sidan, men har gått ut på dato for lenge sidan. Viss det skjer noko i ein tunnel, ringer ein 110 frå mobiltelefon, seier han til Sunnmørsposten.