Hopp til innhold

Nedgangstider for bustadmarknaden

Langt fleire bustadar enn normalt ligg ute for sal i Sogn og Fjordane, men bransjen seier at få er villige til å kjøpe.

Illustrasjonsbilde boligmarkedet
Foto: Solberg, Trond / VG

Den høge renta får skulda, og administrasjonssjef i Sogn og Fjordane Bustadbyggelag, Magne Rye, seier mange får problem når dei ikkje får selt bustaden sin.

Stressa

– Dette gjeld spesielt dei som har kjøpt ny bustad, og kanskje skal overta den på eit gitt tidspunkt, og så har dei ikkje fått selt den gamle, fortel Rye.

Særleg i Førde og Sogndal er denne trenden sterk, der nesten dobbelt så mange bustader som ligg ute for sal som normalt.

– Mange har lagt inn i finansieringsplanen sin eit beløp som dei forventar å få for bustaden sin, og når dei ikkje klarer å få selt den gamle, blir dei litt stressa då dei gjerne må ta opp eit høgare lån, seier Rye.

Omprioritere

Óg i Sparebanken Sogn og Fjordane merkar ein den negative trenden. Renta i banken er no nær 7%.

– Framleis greier folk flest å betale låna sine, men det skal ikkje for mange rentaukar til før problema vil byrje å melde seg, seier banksjef for personmarknaden Halvard Klakegg.

Han seier renteoppgangen fører til at mange må kutte ned på eller omprioritere forbruket sitt.

– Vi legg inn eit påslag på 4-5% i forhold til betalingsevne når nokon tar opp eit lån. Det er klart at når vi har ein oppgang på 3-4%, vil fleire kundar måtte endre på forbruket sitt for å innfri pliktene sine til banken, seier Klakegg.

Utsetje

Magne Rye trur ferietida verkar inn på bustadmarknaden, men Bustadbyggelaget vurderer likevel å utsetje fleire av dei store leiligheits- og tomannsbustadprosjekta i fylket for å avvente marknaden.

– Vi har fleire prosjekt på trappene, og vi merkar at det er mindre respons enn tidlegare når vi legg ut nye bustader for sal. Vi kan ikkje gå i gong med eit stort bustadprosjekt utan noko forhandssal, understrekar Rye.

Han oppmodar folk til å ha is i magen.

– Ein må rekne med at det vil ta litt lenger tid før ein får selt bustaden sin, og ein bør ikkje kjøpe nytt for ein veit kva ein får for den gamle, rådar han.

Kan vere langvarig

Halvard Klakegg ser at kundane er nervøse.

– Dei er meir avventande, og tenkjer seg meir om før dei kjøper, fortel han.

Trur du denne trenden kan bli langvarig?

Det er klart at med signala som ligg inne med stadig høgare rentenivå og utflating av bustadprisane, er det fleire som sit på gjerdet og følgjer med på kva utviklinga blir, seier han.