Hopp til innhold

Nederlag for Støre: Kystverket skal forhandle om Skipstunnelen

Kystverket skal no forhandle pris med dei som vil bygge Stad skipstunnel. Det bestemte Stortinget i dag.

Dermed er ikkje siste ord sagt i den lange sagaen om skipstunnelen.

Regjeringa trakk i nødbremsen fredag. Dei vil skrote heile prosjektet – før Kystverket har forhandla om pris.

Ifølge Jonas Gahr Støre er prislappen på Skipstunnelen på 9,4 milliardar. Han meiner det ikkje er mogleg å forhandle prisen noko særleg ned.

Det var Senterpartiet, KrF og Venstre som sto bak dagens forslag på Stortinget. Også Frp og Høgre støtta forslaget, som har denne ordlyden:

«Stortinget ber regjeringa sikre at Kystverket held fram og fullfører dei pågåande forhandlingane med dei utvalde entreprenørane i arbeidet med Stad skipstunnel for å få fram ein endeleg pris, samt jobbe fram kostnadsreduserande tiltak.»

en mann med briller

Mista huset til tunnelen som ikkje kjem: – Vi er haldne for narr

Arild Teigen måtte ofre huset og flytte frå bygda for å gje plass til den fyrste skipstunnelen i verda. No blir det ingen tunnel likevel.