Hopp til innhold

Navarsete sa ja

Liv Signe Navarsete seier ja til å bli leiar i Senterpartiet

Liv Signe Navarsete
Foto: Nils Mehren / NRK

Ho tek over etter Åslaug Haga, som trakk seg 19. juni. Navarsete har tru på at partiet skal vinne valet i 2009, trass dårlege meiningsmålingar.

-Hardt arbeid

- Det handlar berre om ein ting: Hardt arbeid. Det handlar om å levere resultat, og å vise folk at SP er eit viktig parti for framtidas Norge, og slik sikre at vi får fornya tillit som parti og som regjering i 2009, seier Navarsete.

- Vanskeleg etter Haga

Kva skal du gjere for å samle Senterpartiet?

- Eg opplever at partiet er samla. Eg opplever inga splitting i partiet, men det er klart at etter at Åslaug Haga trakk seg grunna sjukdom, så har vi hatt ein situasjon som har vore vanskeleg for partiet. Åslaug har gjort ein kjempejobb, og det merkast at ho ikkje er der lenger. No er det viktig å sjå framover og jobbe vidare i samla tropp.

Val til hausten

Senterpartiet skal velje ny leiar på eit ekstraordinært landsmøte i Oslo 12. september.