Hopp til innhold

Nattestengt på Mannheller og Fodnes

Statens vegvesen skal setje i gang vedlikehald på ferjekaibruene på sambandet Mannheller–Fodnes. Arbeidet vil gå føre seg på nattetid, først på Fodnes i veke 18 og så på Mannheller i veke 19.

Bilferja Lote og Mannheller ferjekai

NATTESTENGT: Statens vegvesen stenger ferjekaien på Mannheller på grunn av vedlikehald

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Stenginga vil naturlegvis føre til ulempe for dei som skal trafikkere sambandet i tida dette arbeidet går føre seg, seier prosjektleiar Audun Borlaug i Statens vegvesen.

For at arbeidet ikkje skal føre til alt for store ulemper for dei reisande, vel Statens vegvesen å utføre arbeidet innanfor eit tidsrom på natta slik at ikkje gjennomgåande ekspressbussruter vert hindra. Dei reknar med at arbeidet tek to netter på kvar kaiane.

Veke 18:

Siste avgang frå Fodnes kl. 23.25. Sambandet vil gå frå Mannheller i normal rute frå kl. 05.00.

NB! Avgang kl. 0800 frå Mannheller og kl. 0820 frå Fodnes vil bli kansellert onsdag 29. april.

Medan arbeidet varar vil ferja gå Mannheller – Lærdal etter desse avgangane

Frå Lærdal

-

00:45

02:15

03:50 via Fodnes klokka 04:30

Frå Manheller

00:00

01:30

03:00

-

Veke 19:

Mannheller ferjekai vert stengt for trafikk frå tysdag 5. mai kl. 23.00 til onsdag 6. mai kl. 05.00 og frå onsdag 6. mai kl. 23.00 til torsdag 7. mai kl. 05.00.

Siste avgang frå Mannheller kl. 23.00. Sambandet vil gå frå Fodnes i normal rute frå kl. 04.30. Gjeld begge dagane.

Medan arbeidet varar vil ferja gå Fodnes – Kaupanger etter desse avgangane:

Frå Fodnes

23:25

01:00

02:30

04:30

Frå kaupanger

00:15

01:45

03:15

-