Denne gongen er ikkje vegen stengd. Ein av steinane nådde vegen og la seg til i grøfta. Dei andre steinane kom ikkje heilt ned.
Statens Vegvesen skulle eigentleg spylt med helikopter i fjellsida i dag, men det vart avlyst på grunn av for mykje vind.
Vegen vert nattestengt mellom kl 23 og seks onsdag morgon. Og onsdag held arbeidet med å sette opp fanggjerde fram.