Hopp til innhold

Nærøyfjorden er på verdsarvlista

Rett før klokka 12 torsdag vart det avgjort at Nærøyfjorden og Geirangerfjorden blir tekne inn på verdsarvlista til UNESCO frå 1. januar 2006.

Nærøyfjorden
Foto: Arne Nævra

Det var høg stemning med jubelrop i den norske delegasjonen. Og det var ein svært letta delegasjon, fordi det var ei stund litt tvil om UNESCO ville ta dei to norske fjordane med på den prestisjefylte lista si. Dei var nervøse og budde på kritiske spørsmål, mellom anna om gruvedrifta i Gudvangen, men desse spørsmåla kom ikkje, rapporterer Dag Bredvei for NRK frå møtet i Durban i Sør-Afrika.

Trekkjer kvalitetsmedvitne turistar

Ordførar Olav J. Ellingsen i Aurland var til stades i Durban, og han meiner avgjerda får svært mykje å seie for turistkommunen Aurland. Det er rekna med at statusen på verdsarvlista vil trekkje kvalitetsmedvitne turistar frå heile verda.

Urnes og pyramidane er med

Frå før er Urnes stavkyrkje i Luster med på lista til UNESCO, det same er Bryggen i Bergen, og mellom meir kjende internasjonale kulturskattar kan nemnast pyramidane i Egypt.

- Stort ansvar

- Med dette har Noregs første naturarvområde kome på lista. Noreg påtek seg eit stort ansvar for å sikre desse områda for ettertida, seier miljøvernminister Knut Arild Hareide.

Eineståande vakkert landskap

Det er dei framståande geologiske verdiane og det eineståande vakre landskapet som har ført til at Noreg har fått sitt første naturarvområde på den prestisjefylte lista. Av dei 788 objekta og områda på verdsarvlisten, er 154 naturområde.

Selebert selskap

Vestnorsk fjordlandskap er med dette kome i svært selebert selskap med mellom andre pyramidane i Egypt, Viktoriafalla i det sørlege Afrika, Den kinesiske muren og Grand Canyon, som også står på den eksklusive verdsarvlista.

- Kvalitetsstempel

- Status som verdsarv er det høgaste internasjonale kvalitetsstempelet eit landskap kan få, og berre område som kan dokumentere kultur- eller naturfaglege kvalitetar i særklasse, kombinert med god forvaltning, kjem inn på lista, seier miljøvernminister Knut Arild Hareide.

- Vakraste fjordlandskapa på kloden

I grunngjevinga for vedtaket viser verdsarvkomiteen mellom anna til at Nærøyfjord- og Geirangerfjordområda blir rekna blant dei aller vakraste fjordlandskapa på kloden. Landskapet strekkjer seg frå 500 meter under vassflata til 1400 meters høgde over havet. Eit utal av fossar kastar seg utfor dei stupbratte fjellveggane, medan talrike frie elver renn frå takkete fjell, brear og bresjøar, gjennom lauv- og barskog, og ned til fjorden. Eit stort mangfald av andre naturfenomen, med m.a. undersjøiske morener og sjøpattedyr, forsterkar naturopplevinga. Restar av eldre, for det meste nedlagde gardsbruk og stølar, tilfører det dramatiske naturlandskapet ein kulturell dimensjon som utfyller og opphøgjer verdien til området.

Seks kommunar og tre fylke

Verdsarvområdet ligg i seks kommunar og tre fylke, Møre og Romsdal, Hordaland og Sogn og Fjordane. Geirangerfjorden har Norddal og Stranda kommunar, og Nærøyfjorden har Voss, Aurland, Vik og Lærdal kommunar.

Svært god søknad

Det er Direktoratet for naturforvaltning som på oppdrag frå Miljøverndepartementet har leidd arbeidet med å sette saman søknadsdokumentet som vart sendt til Unesco i januar 2004. Unescosystemet ga i ettertid tilbakemelding om at den tekniske kvaliteten til den innhaldsrike norske søknaden var noko av det beste dei hadde sett i si 30-årige historie.

Fem norske stader frå før

Norge har frå tidlegare fem stader innskrivne på Verdsarvlista, Bryggen i Bergen, Urnes stavkyrkje, Bergstaden Røros og helleristningane i Alta og Vegaøyan.