Hopp til innhold

Myrgrava er fleire hundre år eldre enn det ein trudde - forskarane veit ikkje kvifor dei ligg der

I Guddal i Fjaler ligg ei uløyst gåte under jorda. Utanfor kyrkja ligg hundrevis av menneske gravlagde i ei myr. Lenge har ein trudd det var ei massegrav for offer etter svartedauden. Men det har vist seg å vere feil.

Myrgravene utanfor Guddal kyrkje er eldre enn ein trudde.

SJÅ VIDEO: Myrgrava utanfor Guddal kykje.er eldre enn det forskarane først trudde.

I 1970 vart det gjort utgravingar i myra utanfor Guddal kyrkje i Fjaler. Der ligg det hundrevis av menneskekroppar som forskarane fram til no har trudd var frå 1300- og 1400-talet. Men nye undersøkingar av funna syner at dei er hundrevis av år eldre enn det dei først trudde.

Sæbjørg Walaker Nordeide

FORSKAR: Sæbjørg Walaker Nordeide.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Dei har funne inntil tre graver i høgda, dei er frå tidleg mellomalder og dei er kristne. Maken finst ikkje i heile Norden, seier Sæbjørn Walaker Nordeide, forskar ved Universitetet i Bergen.

For nye undersøkingar syner at kroppane har vore der sidan 1000-1100-talet. Dei skulle ligge i kristna jord, men i 1000 år har dei hatt sin siste kvilestad i myra rett utanfor kyrkjegarden. Og forskarane anar rett og slett ikkje kvifor dei ikkje ligg i heilag jord. For etter lova den gongen skulle alle kristne ligga i kristna jord.

– Me manglar eigentleg ein god teori om kvifor dei ligg i myra, seier Walaker Nordeide.

Rundt 200 kroppar ligg framleis under torva. Lenge har ein trudd at det var ei naudgrav etter Svartedauden, som kom til Norge i 1349, men no må historia skrivast om.

Alf Tore Hommedal

KONSERVATOR: Alf Tore Hommedal.

Foto: NRK

– Denne drakta vart funnen i 1970. Det var antatt at den var frå 1400-talet, men no viser det seg at den er frå 1100-talet. Dette er utvilsamt eit kvardagsplagg, og det er fantastisk godt bevart når ein tenkjer på at det er om lag 900 år gamalt, seier Alf Tore Hommedal, konservator ved Bryggen museum.

Sjå galleriet med nokre av funna.

Walaker Nordeide håpar at nye utgravingar kan gi eit svar på kvifor dei er gravlagde her.

– Ingen veit kven desse menneska er, og den einaste kjelda me har er jo menneske sjølv som kan fortelja oss noko om desse som ligg her. So då kan me finne ut litt meir, som kvifor dei ligg der og kven det er i det minste, seier Walaker Nordeide.