Med seg har han blant andre Eva Weel Skram (keyboard og vokal) og kjærasten hennar Thomas Stenersen (gitar). Abel og bandet skal spele laurdag kveld, først på ein ungdomskonsert og seinare på klubbkonsert i Bygdehuset.
Les meir:
Klubbkonsert med Real Ones
Elles får årets Balejazz besøk av Real Ones som også spelar til klubbkonsert i Bygdahuset på laurdag. Samstundes inviterer Gunnar Staalesen og Jan Kåre Hystad kvartett til "Vargtime" på Kringsjå pensjonat.
Laurdag føremiddag vert det kyrkjekonsert i Den engelske kyrkja med songaren Anna Maria Frimann og trompetisten Arve Henriksen.
Kristin Asbjørnsen i Bygdahuset
På fredag kveld er det Mezzoforte som står for klubbkonserten i Bygdahuset. Tidlegare på kvelden vert det også konsert med Kristin Asbjørnsen.
- Vi har lært Kristin Asbjørnsens særeigne, ru og kraftfulle stemme å kjenne frå dei kritikarroste banda Krøyt og Dadafon. Når ho i år kjem til Balejazz med afro-amerikanske spirituals i bagasjen, blir det garantert ikkje mindre puls. Asbjørnsen er meditativ og inderleg - og saman med eminente musikarar som kjenslevart byggjer oppunder hennar stemme, syner ho oss nye dimensjonar i denne musikalske tradisjonen. Det er enkelt, vart og befriande, reklamerer Sigurd Kvikne i ei pressemelding.