Hopp til innhold

Mobilspel gir nytt liv til Scrabble

Brettspelet Scrabble eksploderte i popularitet før jul, og er utseld frå leverandørar over heile landet. Eit nytt mobilspel kan vere årsaka til ordspel-feberen.

Elevar v/Øyrane VGS

IVRIGE WORDFEUD-SPELARAR: Frå venstre: Tor Olav Viken, Daniel Asheim og Lars Hermann Terøy (alle 16 år) spelar mykje Wordfeud.

Foto: Katrine Nybø / NRK

– Vi vart vel tomme for Scrabble i midten av desember, så akkurat no går salet dårleg, ler Solbjørg Holme ved Libris i Førde Torg.

Scrabble er i bestilling, men det hjelp lite når leverandørar over heile landet er heilt tomme.

– Brått så tok det heilt av og leverandørane hadde tomme lager over alt, av ein eller annan merkeleg grunn. Men eg har då skjønt no at det er eit spel på mobilen som kanskje kan ha skulda, seier ho.

– Scrabble har gått bra lenge, men akkurat no har det teke heilt av. Det ser ut som det er heilt tomt, det er éin butikk i heile landet som har eitt spel inne no. Elles er det heilt tomt, legg ho til.

Eit raskt søk på dei store brettspel-butikkane på nett syner at det også er tomt der.

(Artikkelen held fram under biletet)

Solbjørg Holme ser etter Scrabble

UTSELD OVER ALT: Solbjørg Holme ser på skjermen at Scrabble er utseld over heile landet, så nær som eitt eksemplar.

Foto: Katrine Nybø / NRK

Ti millionar nedlastingar

Mobilspelet Wordfeud kan absolutt ha ein del av skulda. Spelet er ein elektronisk variant av det 64 år gamle brettspelet Scrabble, og er tilgjengeleg for alle med smarttelefon. I skrivande stund er det lasta ned av over ti millionar menneske over heile verda, og er tilgjengeleg på ni ulike språk.

Sjølv spelar ikkje Solbjørg Holme mobil-farsotten.

– Nei, eg spelar ikkje Wordfeud, eg held meg til det gode gamle brettspelet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tomt i spelehylla

LEDIG HYLLEPLASS: Butikkane har vore tomme for Scrabble sidan før jul.

Foto: Katrine Nybø / NRK

Populært også hjå dei unge

Nokon som derimot er ivrige Wordfeud-spelarar er gutane ved Øyrane vidaregåande skule i Førde. Dei har spelt ivrig sidan spelet vart lansert.

– Det er enkelt og morosamt, lett å forstå seg på og ein kan spele mot kven som helst uansett kvar du er, seier Daniel Asheim. Og kompisane Lars Hermann Terøy og Tor Olav Viken er heilt einige.

Daniel Asheim trur at eksplosjonen i Scrabble-salet kan ha med mobilspelet Wordfeud å gjere

– Garantert. Det har nok vorte endå kjekkare når folk har oppdaga at det går an å spele online og, på mobilen som du alltid har med deg. Eit kjempefint tidsfordriv.

– Gjerne ein del av norskpensum

– Det hadde vore litt artig om det hadde vore ein del av norskpensumet. Det ein lærer i norsk lærer ein litt betre i Wordfeud, ein lærer staving på ein morosam måte, slår Tor Olav Viken fast.

I motsetnad til mange andre i landet, kjem ikkje gutane til å kjøpe seg brettspelet med det første.

– Du er ikkje avhengig av å spele i ei tidsavgrensa periode kring eit bord. Du har ikkje tidspress på deg, det er det som er få fint med Wordfeud. Det er veldig praktisk og du kan spele det kvar som helst.

(Artikkelen held fram under biletet)

Wordfeud

WORDFEUD: Slik ser mobilspelet ut.

Foto: Katrine Nybø / NRK

Stadfestar salseksplosjonen

Produsenten bak Scrabble, Mattel, stadfestar den enorme merksemda kring spelet i slutten av fjoråret. Martin Wingreen Bang, marknadssjef for selskapet i Norden, fortel at dei ser klart tydelege teikn på at spelet har fått auka popularitet i Norden dei siste månadene.

– Vårt julesal av Scrabble var over 40 prosent høgare enn forventa, diverre førde det til at mange av våre kundar gjekk tome før jul, seier han til e24.no.

Mattel har ingen planar om å samarbeide med utviklaren av Wordfeud, men marknadssjefen fortel at dei arbeider med å utvikle ein eigen applikasjon.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.