Hopp til innhold

Mjelde blir brannspelar

Erik Mjelde har signert ein fireårig avtale med Brann.

Erik Mjelde
Foto: NRK

Kontrakten blei signert i ettermiddag.

Då 25-åringen frå Arna kom til Brann Stadion var det berre den medisinske sjekken som gjensto. Den utførte lege Ove Austgulen. Han fann ingenting negativt, og dermed var det kort veg til signering, melder Brann på sine nettsider.

– Det er utruleg gøy. Eg har lenge signalisert at eg har lyst til å komma tilbake til Brann og spela for det bergenske publikummet, seier Mjelde til NRK.

LES OGSÅ: Enige om Mjelde-overgang

Brann og Sandefjord blei i går einige om overgangssummen, men sportssjef Roald Bruun-Hanssen vil ikkje seia noko om lønnsnivået. Til NRK seier Mjelde at han ikkje kjem til Brann for det økonomiske.

– Eg kjem først og fremst til Brann fordi eg har lyst til å spela for Brann, det er klubben i hjarta mitt, seier Mjelde.

Allereie i morgon set Erik Mjelde kursen for Brann sin treningsleir på Gran Canaria.