Hopp til innhold

Mistenkjer brannstiftar i Bergen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Etter endå ein brann i Bergen mistenkjer politiet at ein brannstiftar kan gå laus.

Seint i går kveld rykka brannvesenet i Bergen ut til ein mindre brann i Loddefjordveien.

Brannen blei meldt klokka 23.20.

Mykje røyk i gangen

– Nokon hadde tent på aviser og reklame inne i oppgangen i ei lågblokk. Det blei ein god del røyk inne i gangen, seier operasjonsleiar Jan Steimler i Hordaland politidistrikt til NRK.no.

Brannen blei sløkt etter kort tid, men politiet ser likevel alvorleg på saka.

No mistenkjer dei at ein og same person kan stå bak dette og fleire andre branntilløp i Loddefjord den siste tida.

– Vi ser heilt klart ein mogleg samanheng her, sjølv om vi ikkje kan utelukka at det er forskjellige personar som står bak, seier Steimler.

Politiet var på brannstaden i går og etterforskar saka, men så langt har dei ikkje pågripe nokon.

– Veldig skremmande

Ingen av brannane skal ha ført til alvorlege skadar.

Men Steimler understrekar at slike brannar kan opplevast veldig skremmande for dei som bur i området.

Ifølgje Bergens Tidende skal det ha vore 20 brannar i området sidan jul.

Men operasjonsleiaren hos politiet seier til NRK at han ikkje vil kommentera kor mange brannar det kan vera snakk om.