Rotevatn var på tokt saman med Statens naturoppsyn for å finne ulovlege garn i Nordfjord i Vestland fylke.
– Å fange villaks ulovleg er å rekne som grov miljøkriminalitet, seier Rotevatn.
Brått oppdagar Rotevatn og oppsynsmennene ein mistenkeleg fritidsbåt nær fjæresteinane.
– Dreg han garn? spør dei seg og tar opp kikkerten.
– Ja, pinade!, bryt båtføraren ut, medan Rotevatn lenar seg spent fram i styrehuset.
Etter å ha fotografert på avstand med telelinse, gir dei full gass mot hobbyfiskaren som står med ryggen til og drar garn.
Storaksjon
I desse dagar går det føre seg ein storaksjon der Statens naturoppsyn og Kystvakta leitar etter ulovlege garn. Kontrollane vil halde fram utover sommaren.
– Vi kan ikkje vere overalt sjølvsagt, men folk skal vite at dei kan bli tatt, seier Stig Inge Hauge i SNO.
Fiskaren dei møter er tydeleg overraska over å sjå naturoppsynet, miljøvernministeren og NRK.
– Eg er ute og følgjer med på korleis Statens naturoppsyn jobbar, og dei jobbar tydelegvis godt, seier Rotevatn til fiskaren.
– Er eg den fyrste de har teke i dag?, spør den betutta fiskaren statsråden, og hevdar at han ikkje kan regelverket.
– Ja, enn så lenge, seier Rotevatn, medan Statens naturoppsyn halar garnet om bord i sin eigen båt.
Sveinung Rotevatn oppdagar ulovleg fiske.
Alvorleg miljøkriminalitet
Å finne ulovlege garn er som å leite etter nåla i høystakken, ofte er dei gøymde tett inn mot land.
Ulovlege garn i sjøen kan straffast med bøter på 20.000 kroner.
– Det er berre makrell i garnet, påpeikar fiskaren, utan at det endrar saka for Statens naturoppsyn. No må han møte på det lokale lensmannskontoret for å forklare seg.
Garn med maskevidde større enn 32 millimeter skal frå og med 1. mars til og med 30. september senkast, slik at fangstdelen står 3 meter under havoverflata, i fylgje Fiskeridirektoratet.
Fylkesmannen kan for heile fylket eller for avgrensa område, slik som i til dømes Sogn og Fjordane, bestemme at nedsenkingspåbodet skal gjelde for garn uansett maskevidde.
ULOVLEG: Slike flytegarn er ulovlege på denne tida av året, hobbyfiskaren hadde berre fått makrell, men kan straffast likevel.
Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRKAlvorleg for villaksen her til lands
Mengda med atlantisk villaks som kjem inn frå havet er meir enn halvert sidan 1980-talet. No er det berre 500.000 villaks att, likevel har gytinga i elvane auka dei siste åra, truleg nettopp fordi ein har avgrensa fisket etter laksen.
– Situasjonen for villaksen er ganske alvorleg, det har også å gjere med lus og rømming frå oppdrettsanlegg, understrekar Rotevatn.
Fryktar gråmarknad for villaks
I fjor fann staten 480 slike ulovlege garn langs kysten, så langt i år aukar talet samanlikna med same tid i fjor. Nær 50 personar vart i 2019 melde til politiet.
Ifølgje Statens naturoppsyn er motiva til gjerningspersonane ulike. Nokre gjer det for å drive matauk, men somme gonger finn dei så mange garn at dei mistenker ein gråmarknad for den eksklusive villaksen.
– Fisket har vore eit stort problem, og er det framleis. Derfor har vi desse kontrollane, seier Stig Inge Hauge i Statens naturoppsyn.
FANGST: Stig Inge Hauge i Statens naturoppsyn.
Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRKDesto fleire laks som blir fanga i garn ute ved kysten, desto færre villaks får kome inn i elvane for å lage lakseungar gjennom å gyte.
– Problemet er at mange ikkje er klar over kor ille det står til med laksestammane, seier Rotevatn.
Statsråden seier dei jobbar med ei lovendring slik at straffene kan bli hardare.
– Vi må halde oppe talet kontrollar, og gjerne ha endå fleire.
FLYTEGARN: Slike garn kan fange laks og aure på veg inn fjordane.
Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK