Hopp til innhold

Mindre intens nedbør enn venta

Vêrvarslinga på Vestlandet seier at nedbøren ikkje vart så intens som frykta, og at byene trekte lenger aust enn fyrst venta. Det er likevel kome store mengder regn mange stader. Desse fire stadene er det kome mest nedbør i landet mellom klokka 8 og 19 i dag:
1. Røldalsfjellet: 46,6 millimeter
2. Sauda (I Rogaland): 39,9 mm
3. Kvamskogen 32,6 mm
4. Evanger 32 mm
Så langt er det ikkje kome inn meldingar til NVE om skadar eller andre hendingar etter regnvêret.