Hopp til innhold

Stor fare for isras på vestlandsvegane

På hovudvegen mellom Bergen og Oslo gjekk det tre isras berre på måndag. – Det vil truleg kome fleire, seier vegvesenet.

Isblokker i Vaksdal E16

STORE BLOKKER: Desse blokkene fall ned på hovudvegen mellom Bergen og Oslo. Måndag var heile tre isras på E16.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Bruker dynamitt mot snøskred

ÅTVARAR: Geolog Njål Farestveit trur vi vil sjå fleire isras i vekene framover, og ber folk vere på vakt.

Foto: Rusten, Ole Berg / Scanpix

– Noko av isen er komt ned allereie, men det er mykje som skal ned endå, seier geolog i Statens vegvesen, Njål Farestveit.

Dei siste dagane har dett gått fleire isras på vestlandsvegar. På hovudvegen mellom Bergen og Oslo, E16, gjekk det tre isras på ein dag. Også på sørlandet har is falle ned på hovudvegar.

Rasfare på mange vestlandsvegar

– Så lenge det fins is i fjellsidene, og det er mildt, vil det vere fare for ras. Til og med heilt ute på kysten heng det is som kan skape ras no, seier Farestveit.

Årsaka til at så mykje is har samla seg i fjellet er kombinasjonen av minusgrader og lite snø på Vestlandet den siste månaden. Spesielt er det vegstrekningar i Hordaland og Sogn og Fjordane som er utsette.

– Det er mange vegar på vestlandet som har auka fare for isras no. Men entrepenørane jobbar heile tida med å halde oversikten, fortel Farestveit.

– Isras er aboslutt farlege

Is i fjellvegg E16 Vaksdal

VANLEG SYN: Mange stadar langs vegane på Vestlandet ser det slik no. Vegvesenet prøvar å halde kontroll, men trur likevel at vi vil

Foto: Anders Eikanger / NRK

– Å bli treft av ei isras er det same som å bli treft at eit steinras, sett vekk i frå at is har ein tredjedel av vekta til stein, fortel geologen.

Spesielt om isen kjem frå stor høgde er det fare for stor skade.

– Det er absolutt risiko ved å hamne i eit isras. Ein kan sjå for seg at nokon slepp ein fryst pakke melk ned på deg. Det gjer vondt, seier geologen.

Vegvesenet ber folk vere obs om dei køyrer forbi stadar der det ligg is i vegen.

– Om folk ser mykje is hengande over vegen, eller at det ligg is i vegbana, kan ein godt melde i frå til vegvesenet, slik at vi kan prøve å fjerne det, seier Farestveit.

Får ikkje ned all isen

Vegvesenet sine entrepenørar arbeider kontinuerleg med å halde halde oversikten over ismengdene, og få det ned.

– Det er ikkje all isen vi rår med. Det kan komme is ned på vegen frå langt oppe i fjellsidene, og denne isen får vi gjort lite med.

Isen må også vere «moden» for at det skal gå an å ta den ned. Det vil seie at vêret må vere mildt nok til at isen sjølv er begynt å løsne frå fjellet.

– Så lenge det framleis er is igjen, og mildvêret held fram, vil dette vere ei kontinuerleg oppgåve for vegvesenet.

Auka fare for andre typar ras

Med issmelting i fjellet aukar og risikoen for steinsprang.

– Med ein lengre kuldeperiode som vi har hatt no, får ein is i fjellsprekkar og liknande, og når den isen smeltar kan også stein falle ned, seier Farestveit.

Geologen oppfordrar folk til å vere observante i tida framover, og melde frå til vegvesenet på telefonnummer 175 om dei ser is i vegen.