Hopp til innhold

Florø får arrangere Melodi Grand Prix delfinale også i 2013

Florø arrangerer Melodi Grand Prix også i 2013.

Melodi Grand Prix i Florø.

DELFINALE: Delfinale til Florø også i 2013.

Foto: Rune Fossum / NRK

Dette vert tredje året ein arrangerer Melodi Grand Prix i Florø, skriv avisa Firda i dag

Arrangøren HippHipp Flora har fått støtte på 400 000 frå Flora kommune og 600 000 frå fylkeskommunen.

Økonomisk risiko

Dette er likevel ein enorm økonomisk risiko. Per Øyvind Helle, dagleg leiar i Hipp Hopp Flora seier dei satsar på å få resten frå lokale sponsorar.

– Det er jo ein risiko å ta, det er det for alle som driv med arrangement og festivalar. Vi er veldig glade for at vi har ei grunnfinansiering på plass gjennom Flora kommune og fylkeskommunen, men vi manglar nok framleis rundt 200.000.

Helle seier Melodi Grand Prix er eit arrangement der barn, ungdom og vaksne saman kan dele storslåtte, kulturelle opplevingar og er noko heilt spesielt.

– Eit kinderegg

– MGP er som eit lite kinderegg. Det å vere i Florø idrettssenter «live», når du både er til stades på det største og mest spektakulære sceneshowet i Norge, det største underhaldningsshowet til NRK og den største musikkonkurransen vi har, er det stort, fortel Helle.

Som publikummar er du ein del av ei direktesendt TV-sending og er dermed ein viktig del av arrangementet, meiner Helle.

– Til saman er dette ei pakka som skapar entusiasme og engasjement og involvering. Rett og slett ein stor trivselsfaktor som gir mange samfunnsgevinstar ikkje berre i Florø, men i heile fylket, seier han.

2013 er tredje og mest sannsynleg siste gong Florø arrangerer MGP.

Eg er glad vi torer å ta sjansen på eit slikt arrangement. No har vi tenkt å avslutte det her på ein fantastisk måte. Det blir det første og største store arrangementet i jubileumsåret til Sogn og Fjordane som fyller 250 år neste år.

Delfinalen vert arrangert 26. januar like over nyttår.