Hopp til innhold

Melin Medical er årets gründer-kandidat nummer fem

Melin Medical AS er kandidat nummer fem til Årets Gründerpris 2012. Dei har utvikla ein betalingsautomat du kan bruka når du besøkjer legen.

Anton Lorenz Bondesen

KANDIDAT NUMMER FEM: Anton Lorenz Bondesen og Melin Medical AS. Her står han attmed betalingsautomaten dei har utvikla.

Foto: Birger Meland/MMS-foto / NRK

100 000 kroner skal delast på Temposeminaret i Florø førstkomande torsdag (1. november).

Siste kandidat til å bli presentert er Melin Medical AS.

Enorm utvikling

Dei starta i februar 2010 på Sandane, og har utvikla ein ny betalingsautomat for helsevesenet som er tatt i bruk på mange legesenter i landet.

Automaten deira gjer at pasientane slepp å stå i kø for å betale, og den reduserer tidsbruk på administrering av pasientar so helsepersonell kan nytte meir tid på behandling.

Over 400 betalingsautomatar har så langt blitt utplasserte, og fleire er på veg – for tida held dei eit snitt på to nye automatar per dag. 20 tilsette; dei fleste i Oslo.

Desse står bak: Styreleiar/hovudaksjonær: Jesper Melin Ganc-Pedersen; dagleg leiar: Jørn Gjessing

Enklare legebesøk

– Det produktet me leverer er for at pasientane skal få eit lettare legebesøk, når det blir meir fokus på behandling, seier Anton Lorenz Bondesen, salssjef i Melin Medical AS.

Melin Medical sin betalingsautomat

ENKLARE LEGEBESØK: Med denne automaten blir betalinga etter legebesøker lettare.

Foto: Birger Meland/MMS-foto / NRK

– Utgangspunktet er at me prøvar å frigjera tid til å behandla pasientar.

Hovudkontoret ligg i Oslo, men det er planar om å flytte mange av dei 20 arbeidsplassane i bedrifta, tilbake til Sandane.

– Midt i smørauga

– Det har tatt skikkeleg av og dette kjem til å bli stort, seier Arvid Andenæs i juryen.

Dei tre jurymedlemmene, Innovasjon Norge-sjef Halvor Flatland, Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke og administrerande direktør Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane har plukka ut fem kandidatar til finale.

Dei er imponerte over kor raskt Melin Medical har utvikla seg, og meiner dei har utvikla eit produkt det verkeleg er bruk for.

Andenæs, Flatland

2/3-DELS JURY: Arvid Andenæs (t.v.) og Halvor Flatland.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er innovativt, og fornying av offentleg sektor er viktig at me får til. dette er midt i smørauga i forhold til kva nasjonen treng, nemleg effektivisering på eit slikt område, seier Halvor Flatland i juryen.

– Dei greier å etablere ei merkevare so raskt og so bra, det er veldig bra. Dette trur eg har stort internasjonalt potensial, seier Simen Staalnacke.

Men sidan hovudkontoret ligg i Oslo, er lurer juryen på korleis dei skal skapa lokale arbeidsplassar med dette bedrifta.

– Me er opptekne av at det skal bli bra som mogleg, men også at det blir vidareutvikla her i fylket, slik at det skapar arbeidsplassar her. Det er juryen si utfordring tilbake til selskapet: Kva verdiar blir skapt her i fylket når dette veks seg stort?

Vil pussa opp på Sandane

– Mange av dei problemstillingane dei ser, er ting me diskuterer i det daglege. Det er viktig for oss at me ikkje veks for fort, for det er viktig for oss å kunne levera eit produkt som me heile tida kan stå inne for, svarar Bondesen.

– Me har tenkt å koma tilbake til Sandane, og me har gode moglegheiter for utvikling her.

Om Melin Medical stikk av med premien på 100 000 kroner, seier Bondens at det er naturleg å bruka ein stor del av dei pengane på å pussa opp dei nykjøpte lokala på Sandane.