Hopp til innhold

Bistandsadvokat: «Eg synes ofte eg ser at politiet brukar for lang tid»

Mellom 75.000 og 150.000 menneske blir kvart år offer for familievald i Norge, noko som kostar samfunnet milliardar. Bistandsadvokat og forkjempar for barn sine rettar, Thea Totland, meiner politiet brukar for lang tid i mange av sakene som blir melde.

Advokat Thea Totland står ved et bord

MÅ PRIORITERE: Bistandsadvokat Thea Totland må prioritere enda høgare vald i nære relasjonar.

Foto: Kari Stokke Nilsen / NRK

– Dei må handle raskare, få barn raskare inn til dommaravhøyr dei gongene det er naudsynt og det må takast raskare beslag i pcar, telefonar, minnepinnar og liknande. Eg synest også ofte at eg ser at politiet brukar for lang tid på å områ seg i slike saker, seier Thea Totland til NRK.

I ei årrekkje har Totland vore ein av dei mest brukte bistandsadvokatane i Norge, og ho er også dagleg leiar for stiftinga Barnas Rettigheter. Denne veka er ho bistandsadvokat for ei kvinne i Fjordane tingrett i Førde. Den tidlegare sambuaren til kvinna er tiltalt for ei rekkje tilfelle av alvorleg familievald og truslar over ein treårsperiode.

– Eg skal ikkje seie så mykje om den konkrete saka anna enn at min klient er takksam og glad for at politiet har teke saka på alvor. Det er eit døme på ei sak der fornærma føler seg teken vare på av politiet, seier Totland.

Nektar straffskuld

Påtalemakta meiner mellom anna at mannen tok kvelartak på sambuaren medan ho var høggravid, slengde ho i veggen og pressa ei pute mot ansiktet hennar slik at ho ikkje fekk puste, medan det ufødde barnet sparka intenst i kvinna sin mage. I tiltalen heiter det mellom anna:

«Volden har vart over lengre tid, den er forøvd mot fornærmede mens hun var gravid, den har karakter av mishandling og fornærmede har fått psykiske reaksjonar i ettertid.»

NRK har vore i kontakt med mannen sin forsvarar, Robert Fonn. Han vil ikkje kommentere saka, men fortel at mannen kjem til å nekte straffskuld for dei mange tiltalepunkta om familievald. Mannen kjem til å innrømme skuld for eitt eller fleire tilfelle av vald mot andre personar, som også er teke med i tiltalen.

Det er eit døme på ei sak der fornærma føler seg teken vare på av politiet

Advokat Thea Totland

Klar ordre frå toppen

Riksadvokaten har gjeve klare ordrar til politiet om å prioritere saker knytt til vald i nære relasjonar. I det første rundskrivet som blei send ut i 2008 slår Riksadvokaten fast at saker om familievald i alminnelegheit ikkje skal leggjast vekk før alle naturlege etterforskingssteg er forsøkt. I brevet som blei send ut den gongen skriv Riksadvokaten mellom anna:

«Det understrekes at ressursmangel ikke gir grunn til henleggelse av slike saker. Manglende eller tilbaketrukket påtalebegjæring vil regelmessig ikke i seg selv gi grunnlag for henleggelse.»

–Etter mi oppfatning er det jo litt varierande kor effektivt og bra dei jobbar i desse sakene. Eg jobbar jo også mykje med barnesaker, og mange av dei sakene der barn har blitt usett for vald eller overgrep, endar opp som sivile barnefordelingssaker fordi politiet legg dei vekk. Det er jo nokon gonger at eg tenkjer at dette skrivet frå Riksadvokaten kanskje ikkje er så høgt oppe i bevisstheita, seier Thea Totland.

– Tilfeldig prioritering

Politiet har bede Politidirektoratet om ein kommentar til denne saka, men dei har så langt ikkje svara. Heller ikkje nokon ved Sogn og Fjordane politidistrikt ønskjer å seie noko, verken generelt eller om saka som skal gå i Fjordane tingrett denne veka.

– Mi erfaring er jo at politiet ein til ein gjer ein god jobb, eg trur det er få som er ofre som føler at dei ikkje blir tekne på alvor. Men det er klart at i veldig mange saker, så må ein prioritere. Det kan nok vere tilfeldig kva saker som blir prioritert, meiner bistandsadvokaten.

På 70-talet blei det for første gong for alvor sett fokus på det som den gongen blei kalla kvinnemishandling. Men trass i ei rekkje tiltak og handlingsplanar, er det mykje som tyder på at talet på valdstilfelle ikkje har gått mykje ned, meiner forskarar.

– Til dømes har talet kvinner som oppsøkjer krisesentera vore det same i heile denne perioden, sa forskar Wenche Jonassen ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress, NKVTS, i 2013.

Det er eit døme på ei sak der fornærma føler seg teken vare på av politiet

Advokat Thea Totland

Like mange på krisesentera

Ifølgje tal frå politiet oppsøkjer mellom 6000 og 8000 menneske krisesentera i Norge og / eller melder valden til politiet. Delen familievaldssaker i hjelpeapparatet som er tilvist frå andre faginstansar har nesten dobla seg på få år. Alle politidistrikta har også fått sin eigen koordinator for familievaldssaker.

– Eg kan ikkje kommentere dette no, seier Stine Mari Vårdal som har koordinatorrolla i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ho og politiadvokat Inger Beth Fosse vil ha ei sentral rolle i familievaldssaka som skal behandlast i Fjordane tingrett heile denne veka. Ein stad mellom 40 og 60 vitne skal førast frå begge sider. Saka vil truleg bli halden for opne dører, utanom forklaringa frå den tidlegare sambuaren til mannen som påtalemakta meiner er ein notorisk valdsutøvar.

Fjordane tingrett 12

SKAL MØTE HER: Ein mann i tjueåra skal denne veka sitje som tiltalt for familievald i Fjordane tingrett i Førde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Rosar lokalt politi

For dei fornærma i slike saker er ofte ventetida ei stor utfordring, meiner både politiet og bistandsadvokat Thea Totland.

– Det er jo ei veldig stor belastning å bli avhøyrd om att og om att om vanskelege og traumatiske opplevingar. Det kan ta kjempelang tid å etterforske ei sak, det er det mange som ikkje er førebudde på, seier Totland.

Ho er nøgd med at Sogn og Fjordane politidistrikt tok den aktuelle saka på alvor, og ho meiner at dei har gått heilt etter boka i det som blei ei svært omfattande etterforsking.

– Nokon stader er dei nok litt flinkare enn andre stader, og dei gongane der politiet tek ei sak på alvor, så trur eg nok at offeret føler at dei blir tekne vare på. Politiet har jo ikkje noko rolle som psykolog eller terapeut på noko vis. Den viktigaste jobben dei gjer er jo å etterforske og gje god informasjon undervegs. Men mange offer opplever det ikkje slik, slår Totland fast.

Mange saker blir lagt vekk

Over halvparten av alle familievaldssakene som blir melde til politiet blir lagt vekt av omsyn til manglande prov, og politiet har sjølv peika på ved fleire høve at etterforskinga kan ta for lang tid. Dermed aukar også sjansen for at saka blir lagt vekk.

– Det er jo eit stadig tilbakevendande tema at desse sakene skal takast på alvor og ikkje leggje dei vekk får kvar stein er snudd. Nokon omtalar dette som festtalar, men vi har ikkje råd til å tulle vekk dette, avsluttar bistandsadvokat Thea Totland.