Hopp til innhold

Må svare for tjuveri av elektroinstallasjonar

Mannen i 20-åra køyrde rundt i firmabil og monterte elektroinstallasjonar tilsynelatande for arbeidsgjevaren sin. Politiet meiner han stappa oppgjera i eigen lomme.

Fjordane tingrett

I RETTEN: Ein tidlegare tilsett i eit entreprenørselskap er tiltalt for tjuveri.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Påtalemakta har teke ut tiltale for tjuveri av elektroinstallasjonane. Tjuveriet skal ha skjedd på sommarstid for nokre år tilbake.

Politiet har også teke ut ein subsidiær tiltale om underslag når mannen i 20-åra i dag møter i Fjordane tingrett.

For gjennom jobben sin i eit større entreprenørselskap i Sunnfjord hadde mannen tilgang til høvesvis dyre elektroinstallasjonar. Politiet meiner mannen har stole tre av desse.

Alternativt vil påtalemakta prøve å få mannen dømd for underslag. Dei meiner mannen køyrde rundt i firmabil, monterte installasjonane og lurte kunden til å betale pengane til han. Ifølgje tiltalen er det tale om 60.000 kroner.

Firmaet som mannen jobbar varslar gjennom tiltalen erstatning på inntil 100.000 kroner.