– Innanfor rammene ut 2018 må vi dei neste fire åra dekkje inn vel 42 millionar kroner kvart år. Det ser eg på som heilt urealistisk, seier Tom Joensen.
Han er rådmann i Bremanger kommune, den gjeldstynga og hardt råka Terra-kommunen som i fjor endeleg fekk eit økonomisk lyspunkt. Då selde dei heimfallsrettane til kraftverka Svelgen I og II, og innkasserte nær 172 millionar kroner.
Men: No viser det seg at kommunen ikkje kan nytte millionane til å drifte kommunen. Det kan føre til endå meir smalhans i kommunen, fryktar Joensen.
– Det kjem til å gå hardt ut over drifta. Vi har spart mykje dei siste åra. Vi klarer ikkje drive forsvarleg løpande vedlikehald av bygg og anlegg, seier rådmannen.
- Les også:
– Eg blir rett og slett litt matt
Kommunelova og forskriftene seier at kommunane ikkje kan nytte store eingongs-inntekter, som sal av heimfallsrettar, til den ordinære drifta. Inntektene må gå i investeringsrekneskapen.
No sit rådmannen med milliongjeld etter Terra-saka på éin konto, og millionar etter sal av kraftinntekter på ein annan konto – men får ikkje samkøyrt desse.
- Les også:
– Dette har aldri vore meininga med forskrifta. Dette er heilt spesiell situasjon, som ingen kommunar har vore oppe i nokon gong. Hugs at det ikkje er nokon som har tapt så mykje pengar på Terra-saka som Bremanger. Eg blir rett og slett litt matt, seier Joensen.
MÅ KUTTE: Innbyggjarane Svelgen og resten av Bremanger må førebu seg på kraftige sparetiltak dei kommande fire åra. Kommunen må kutte 42,5 millionar kvart år.
Foto: Ståle Sørbotten– Spesielle situasjonar kan ikkje vere avgjerande
No startar arbeidet med eitt nytt budsjett. For etter ein lovlegkontroll av årsbudsjettet, stoppa Fylkesmannen planane om å nytte kraftinntektene i drift og nedbetaling av gjeld. Seniorrådgjevar Kåre Træen er like klar som kommunelova.
– Bremanger kan ikkje gå ut og selje eller få inntekter av eigendelar for å dekkje inn akkumulerte underskot, seier han.
– Men dei er i ein spesiell situasjon. Kunne ikkje Fylkesmannen her ha vist skjøn?
– Nei, lovene og forskriftene er laga for å vere generelle for kommunane. Spesielle situasjonar kan ikkje vere avgjerande, seier Træen.
- Les også:
- Les også: