Meiner fylkesrådmann må trekkje seg
Den avgåtte Fjord1-sjefen Dagfinn Neteland (biletet) meiner at fylkesrådmann Tore Eriksen bør trekkje seg. – Han har ikkje gjort jobben sin då Fjord1 vart seld, og difor bør han trekkje seg, seier Neteland til Bergens Tidende. Tore Eriksen vil ikkje kommentere utspelet til Neteland.