Hopp til innhold

Medaljedryss over Tambarskjelvar

Under NM i vektløfting stakk Tambarskjelvar av med heile 15 medaljar.

Vebjørn Varlid

Vebjørn Varlid tek 175 kg i støt, og vert med det noregsmeister i 105-kilosklassen.

Foto: Tambarskjelvar idrettslag

- Me har teke så mange medaljar at det faktisk går litt i surr for meg også, seier leiar for vektløftargruppa til Tambarskjelvar, Gunnar Reiakvam.

Desidert beste klubb

Mellom dei mange medaljane Tambarskjelvar stakk av med i Trondheim Spektrum, tok både Sunniva Bruland og Trude Råd gull i dameklassen. Vebjørn Varlid tok gull i herreklassen.

- Me tok desidert flest medaljar av klubbane under meisterskapen. Det er noko som heiter årets klubb, og det vert kåra mot slutten av året. Den heng høgt, og me gjorde eit veldig innhogg der, seier Reiakvam.

Talent på gang

Han er stornøgd med alle kraftkarane og - kvinnene sine, men vil særskild trekkja fram ein

- Sindre Røstadbotten er fyrste års junior og tok sølv 94-kilos klassen. Det er rått ettersom denne klassen er ein av dei tøffaste. Me har mange gode unge på veg, så dette lovar bra.

Sjå heile resultatlista her .