Hopp til innhold

Måtte vente på behandling

Både Helse Førde og Helse Bergen får kritikk frå fylkeslegen i Sogn og Fjordane fordi ein pasient måtte vente unødig lenge på behandling. Fylkeslegen meiner at årsaka til ventetida er for dårleg kommunikasjon mellom dei ulike avdelingane i helseføretaka. Pasienten fekk til slutt den rette behandlinga og vart frisk att utan varige mein.