– Vi fekk inn melding om ei utforkøyring i Flåm, litt seinare fekk vi beskjed om at det var ein bråk på ein pub i bygda. Vi rykka ut og pågreip to menn, seier operasjonsleiar Kjetil Drange til NRK.
Men dei to mennene ville slett ikkje bli med politiet frivillig, særleg ikkje når politiet kunne fortelje at dei var mistenkte for å ha køyrd bilen i grøfta med promille.
– Dei sette seg til motverge. Dei ville rett og slett ikkje bli med. No er dei på veg til Sogndal for eit opphald i arresten der, seier operasjonsleiaren.