Hopp til innhold

Mannskap bur på flytande hotell

Mannskapet på eit seismikkskip skal tilbringe mange månader i Vågsøy medan skipet deira blir bygd om. Deira midlertidige heim blir også på vatnet, nemleg på eit flotell.

Flotell ved Båtbygg

FLOTELL: Her bur mannskapet medan skipet blir ombygd.

Foto: Bjarne Eldevik

Tidlegare i haust fekk Båtbygg ei stor kontrakt då dei fekk jobben med å byggje om skipet Geowave Champion. Båten er norskeid, men chartra av franske seismikkselskapet CGG Veritas. Den er 106 meter langt og veg over 1800 tonn.

Bur på flotellet ut januar

Direktør Kjell Inge Sjåstad ved Båtbygg seier dei tilsette på båten bur på flotellet medan dei store ombygginga føregår.

Geowave Champion

BLIR OMBYGD: Geowave Champion skal få nye motorar og propellar.

Foto: Bjarne Eldevik

– Dei 40 personane kjem frå heile verda, og dei bur på flotellet medan vi gjer dei omfattande ombyggingane. Her skal dei bu til slutten av januar då dei flyttar tilbake til båten. Den skal vi vere ferdig med i slutten av mars neste år, seier han.

Kan ikkje reise heim

Grunnen til at mannskapet ikkje reiser heim, er for at dei skal ha oppfølging av ombygginga og i tillegg drive vedlikehald av skipet.

– Difor er flotellet overnatting for mannskapet i den perioden det ikkje går an å bu på båten.

Den omfattande ombygginga går mellom anna ut på å skifte hovudmotor og propellanlegg, I tillegg er det ein stor jobb med å skifte tavler og straumforsyning.

Nøgde arbeidarar

Flotell ved Båtbygg

NÆRT: Ombygginga skje her ved Båtbygg og flotellet ligg like ved.

Foto: Bjarne Eldevik

Det er første gong Båtbygg brukar ein flotell til å huse mannskap. Sjåstad seier dei er nøgde med å bu så nær.

– Ja, det er praktisk, for dei ligg så nært dei kan. Dei jobbar på båten om dagen og et alle måltida på flotellet.