Det skriv Bergens Tidende i dag. For fire år sidan døde ein mann på sjukeheim, og den 74 år gamle mannen melde seg som arving til mannen si million-formue.
Då starta ein lang strid mellom mannen og den avdøde sine tre nevøar og nieser. Dei var i utgangspunktet dei einaste arvingane.
74-åringen vart i to rettsrundar nekta å opne grava for å hente DNA-materiale, men i fjor sommar kom Høgsterett til det motsette. Men saka var likevel ikkje avgjort.
- Les også:
- Les også:
Lang kamp i retten
Saka gjekk tilbake til tingretten, som var einige med Høgsterett. Dei tre slektningane anka til Gulating lagmannsrett, men anken vart avvist. Fristen for å klage lagmannsretten si ankenekt inn for Høgsterett gjekk nyleg ut, utan at slektningane hadde kome med noko anke.
Det betyr at mannen kan hente DNA frå grava for å få svar på om mannen som ligg gravlagt er faren hans.
– Han ønskjer å opne grava så for som mogleg. Dersom han er sonen er det naturleg at han får sin del av arva, seier mannen sin advokat, Pål Sverre Hernæs, i Help forsikring.
Vil kjempe vidare
Slektningane kjem til å kjempe vidare for å unngå at onkelen si grav vert rørt.
– Den saksøkte, juridiske part er død og gravlagt og kan ikkje forsvare seg. Vi er blitt rettsforfølgt utan å ha vore part i denne saka på noko tidspunkt, seier nevøen til avisa.
Dei siste rettsrundane har slektningane representert seg sjølv. Heile saka har vore prega av feil sakshandsaming og feil lovtolking, meiner dei.