Ulukka skjedde på Glipsfjellet i Lærdal. Luftambulanse blei sendt til staden og ei gruppe frå Røde Kors var klare for aksjon.
– Han hadde kuttskadar og blødde kraftig. Utover det kjenner ikkje politiet til skadeomfanget, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
Politiet opplyste først at ulukka skjedde ved Bliksdalen i Lærdal. Gulliksen seier dårlege mobilforhold gjorde det vanskeleg å dirigere helikopteret til rett stad.
– Posisjonen vi fekk først viste seg å vere feil. Vi dirigerte mannskapet nordaust for Lærdal i staden for der han blei funnen.
– Kan du seie noko om kva som har skjedd?
– Politiet kjenner ikkje til årsaka til ulukka, seier han.
Ved Hovudredningssentralen på Sola får NRK opplyst at det er eit firma som jobbar i området og at ein arbeidar har kome til skade.