Hopp til innhold

Mann sakna på Gjegnalundbreen

Det er sett i gang leiteaksjon etter ein mann i 40-åra på Gjegnalundbreen mellom Hyen og Ålfoten i Nordfjord.

Leitemannskapa på veg til helikopteret
Foto: Magnar Heimset

Mannen gjekk åleine, og han vart sist sett søndag ettermiddag.

Skulle til Gjegnen

– Vi veit at mannen skulle på Gjegnen, han vart sist sett i 17-tida søndag. Han hadde godt med kle og hadde dagstursekk og mat med seg, seier operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Artikkelen held fram under biletet.

Ikkje i hytte

Gjegnalunden

Gjegnen sett frå nordsida av Nordfjorden.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Mannen vart meld sakna måndag morgon, og Luftambulansen flaug inn i området for å sjekke om mannen kunne ha overnatta på turlagshytta Gjegnabu . Der fann dei han ikkje.

Leiting i gang

Difor er det no sett i gang leiteaksjon. Tre personar frå Hyen Røde Kors Hjelpekorps vart flogne opp i området i 11-tida, opplyser operasjonsleiar Inge Værøy.

Artikkelen held fram under biletet.

Alpin redningsgruppe

Leiar for leiteaksjonen, Torbjørn Sælen

Torbjørn Sælen frå lensmannskontoret i Gloppen leier leiteaksjonen.

Foto: Magnar Heimset

Tre hundar frå Norske Redningshunder er og på plass i fjellet. I tillegg er den alpine redningsgruppa frå Ørsta på plass på Gjegnabu, og eit redningshelikopter er og sett inn i leitinga.

Den sakna mannen er utanlandsk statsborgar, men han arbeider i Hyen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.