Hopp til innhold

Mann pågripen etter knivran

Ein 29 år gammal mann vart laurdag morgon pågripen på si eiga adresse. Politiet mistenker han for å stå bak knivran i Åsane.

Politiet leitar etter gjerningsmannen
Foto: Andreas Moe Garmannslund

– Politiet har leita etter mannen sidan fredag ettermiddag. Han vart pågripen laurdag føremiddag klokka 10.52, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt Lars Geitle.

Like etter klokka 14.30 fredag meldte Bunnpris-butikken i Ulvedalen i Åsane sjølv frå om at dei vart blitt rana av ein mann med kniv. Han fekk med seg eit ukjend pengebeløp og sprang frå staden.

– Me kjenner til denne personen frå før. Han vart pågripen på si eiga adresse ikkje så langt frå Ulvedalen, seier Geitle.

Politiet fekk hjelp av overvakingskameraet i butikken, i tillegg til at ein kvinneleg tilsett kjende att gjerningsmannen og ga politiet ei skildring av mannen.

– Han vert no køyrd inn i arresten og vil bli avhøyrd i løpet av dagen.