Hopp til innhold

Fekk samfunnsstraff for sin åttande narkotikadom

Nordfjordingen forklarte om narkotikahandel i eit større omfang enn det politiet kunne bevise. Det fekk 32-åringen strafferabatt for.

I staden for dagar bak lås og slå, slepp mannen med 180 timar samfunnsstraff for sin åttande dom for narkotikalovbrot.

Frå 2009 til 2011 skal mannen ha kjøpt 200 gram amfetamin til eige bruk. Og i mars i år stogga Posten ein bakke innehaldande 100 rivotriltablettar og 0,7 gram heroin.

Berre nokre månader i førevegen stogga Posten ein tilsvarande pakke innehaldande 2,8 gram heroin og 0,2 gram crack. I bytte mot tilståingsdom, vart denne tiltaleposten fråfallen av prosessøkonomiske omsyn.

Fjordane tingrett viste til at narkotika er eit stort samfunnsproblem, men la også vekt på at mannen kjøpte til eige bruk. Noko som representerte liten spreiingsfare.

I straffeskjerpande retning la retten vekt på at mannen er straffa ei rekkje gonger tidlegare. Sidan 2000 er han straffedømd sju gonger, men også bøtelagd fleire gonger for brot på narkotikalova.

Samstundes viser retten til at 32-åringen sjølv initierte saka ved å overlevere ei mindre mengde stoff til politiet. Forklarte om eit større omfang enn det politiet kunne føre bevis for. Gjennom forklaringa medverka han også til å opplyse saka mot andre involverte.

Retten la vekt på rehabiliteringsomsynet ved straffutmålinga. I løpet av 12 månader må han gjennomføre samfunnsstraffa. Dette var også i tråd med påstanden frå aktor.