Hopp til innhold

Stor mangel på tannlegar i fylket

Vi manglar åtte tannlegar i fylket. Dette trass i god rekruttering for to år sidan.

Boring hos tannlegen

MANGEL: Åtte tannlegar manglar i den offentlege tannhelsetenesta i fylket.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

– Det er nokre som har pensjonert seg. Og nokre av dei ti som kom til oss for eit par år sidan har slått seg ned i fylket og er eller skal ut i fødselspermisjon, seier fylkestannlege, Bernt Rønnekleiv.

Dette er noko av grunnen til at fylket igjen manglar tannlegar. Tilsaman skal det vere om lag 40 tannlegar i fylket og no manglar det åtte tannlegar for å fylle desse stillingane.

Rønnekleiv forklarar situasjonen som ikkje noko problem i forhold til dei prioriterte gruppene, og seier dei oppfyller lovkriteria når det gjeld desse pasientane.

– Det som er problemet er dei vaksne betalande pasientane som vi òg gjerne vil gje eit tilbod. Det er ikkje like lett å gi desse eit godt tilbod alle stader i fylket, seier Rønnekleiv.

Så i fyrste omgang er det dei det vil gå utover.

– Vi er vel tilbake til den normalsituasjonen vi hadde for 10 år sidan med ein 6–7 stillingar ledig til ein kvar tid, seier Rønnekleiv.

Bent Rønnekleiv

FYLKESTANNLEGEN: Bernt Rønnekleiv.

Foto: Johan Moen / NRK

Såg lyst ut

I 2009 karakteriserte fylkestannlegen situasjonen som elendig. Han stod med over ti ledige stillingar. Han mangla også tannpleiarar i staben sin. Så skjedde det noko.

I august 2010 begynte ni tannlegar i jobb i fylket.

Skyhøge begynnarløner på 500 000 kroner og godar som ein fridag i veka for familiefolk var med på å fylle opp stillingane.

– Vi har arbeidd med rekrutteringa, vore på skular, og forklart kva vi kan tilby. Vi har også møtt studentane i det siste studieåret deira slik at vi skulle få marknadsført oss for dei, seier fylkestannlege Bent Rønnekleiv.

Manglar fleire stadar

Medan det er svært mange private tannlegar er situasjonen innan den offentlege tannhelsetenesta ein heilt annan.

– Åtte stillingar er ledige og presset på dei som jobbar i det offentlege aukar seier fylkestannlege Bernt Rønnekleiv.

Han seier det er ein generell mangel på tannlegar i landet.

– Vi ser det kjem ein del søknader frå utlandet, men vi må vere veldig sikre når vi skal tilsette tannlegar i vårt system før dei kan få jobb, seier Rønnekleiv.

Han seier dei har gode rekrutterings- og stabiliseringstilbod til tannlegar i fylket og at dei her konkurrera med dei fleste.

– Her handla det om å brette opp armane og kome seg ut og informere om dei godane vi faktisk har, seier Rønnekleiv.

– Når vi får inn dei som er i fødselspermisjon etter kvart, blir situasjonane litt lysare.