Hopp til innhold

Dei vart alle lova eit betre liv av «verdas beste handkirurg»

Pasientane fekk på førehand vite at dei skulle bli operert av det som vart kalla ein av verdas beste handkirurgar. I dag slit mange med livslange smerter etter mislukka operasjonar.

Bent Inge Mo

STORE SMERTER: Bent Inge Mo og kona Anita har i tre år kjempa for å få oppreisning etter den mislukka handoperasjonen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det har vore eit smertehelvete etter operasjonen. Det fortel Bent Inge Mo frå Lærdal. Han fekk lovnad om rask betring etter operasjonen i handleddet i 2008. Men i staden sit han no med eit ope brot, som aldri kjem til å gro.

– Det som dei gjorde der oppe var jo at dei kappa av bein i armen på meg og sette inn i handleddet. Det vil jo seie at eg no går med ope brot i høgre arm, som aldri kjem til å gro. Det kan ikkje gro att, då vil armen bli stiv. Det går ikkje an å reparere den skaden der, seier Mo.

Historia til Bent Inge Mo er ikkje unik. Den siste veka har NRK snakka med i alt ti tidlegare pasientar som i åra 2008 og 2009 vart operert av handkirurgen Michael Scavenius.

Alle fortel det same. Dei lever i eit smertehelvete, og alle har i dag mykje dårlegare funksjon i hendene no enn dei hadde før operasjonane.

Skulle vere avdelingsleiar

I februar 2008 vart Michael Scavenius tilsett i Helse Førde gjennom eit vikarbyrå. Leiinga ved Førde sentralsjukehus hadde store forventningar til legen.

Han skulle ha avdelingsleiaransvar i tillegg til at han sjølv skulle få operere pasientar innan sitt spesialfelt, handkirurgi. Vel eit år seinare vart han løyst frå kontrakta.

Først no i ettertid kjem historiene fram. Historier om pasientar som meiner dei har blitt overtalte til å late seg operere, mislukka inngrep og kjensla av å ikkje bli tekne på alvor i ettertid.

Lova rask betring

På Nordfjordeid bur Bodil Karin Hundeide Rasmussen. I leiligheita i sentrum, kan ho sitje og sjå utover Nordfjorden. Tankane er mange, etter at ho også lot seg overtale av Scavenius til å ta inngrepet som no har sett ho ut av spel.

– Eg byrja å få vondt i handa, og gjekk sjukemeld ganske lenge før eg vart henvist inn til Førde. Der traff eg då Michael Scavenius. Han såg på handa mi og sa at den kan vi no berre operere, og då vert handa heilt fin og du er tilbake i jobb etter sju-åtte veker, fortel Bodil og les frå dagboka si.

Bodil Rasmussen

STAKK UT: Etter reoperasjonen oppdaga legane at det stod ei plate ut av operasjonssåret til Bodil Karin Hundeide Rasmussen. I dag fungerer handa og armen dårlegare enn før operasjonen.

Foto: privat

Føler at ho fekk skulda

Kvar dag sidan inngrepet har ho skrive om korleis det heile starta, og korleis det utvikla seg frå lovnader om raskt attende i jobb - til eit liv der den eine handa knapt fungerer i det heile.

– Når eg skulle inn att til første kontrollen så verka jo alt ganske greitt, så fekk eg time til ny kontroll. Når eg då kom inn att, så hadde det sklidd ut noko, og eg fekk då inntrykk av at han då meinte at det var eg som hadde gjort det slik med vilje. Han meinte at eg hadde dunka handa ned i bordet eller noko slikt. Det hadde eg då ikkje då ikkje gjort. Eg hadde handa opp i lufta heile tida, til og med når eg sov, seier Bodil og sukkar tungt.

Plate stakk ut av såret

Tid vart avtala for reoperasjon, men påsken og ferie for legen kom i vegen, og først 20. april - to dagar før Scavenius skulle slutte, kom ho til. Etter den andre operasjonen var det nye legar som tok i mot ho på kontroll, og sjokket var stort då dei tok av gipsen.

Bodil Karin Hundeide Rasmussen

OPERERT: Bodil Karin har store framleis store smerter.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Då stakk det ei plate ut av armen min. Då var det ”å herregud” og ”hjelpe meg”. Då sette dei meg på ein antibiotikakur og sende meg heim att. Då eg kom inn att etter fjorten dagar, var det heldigvis ei frå Ullevål sjukehus der som var vikar, som tok tak i saka. Ho fekk sendt meg til Bergen.

På ortopedisk klinikk på Haukeland universitetssjukehus, fekk dei gjort det som var mogleg. I dag fungerer handa framleis dårleg.

– Dei som har to friske hender skal vere veldig glade for det, for når ein er vant med å ha to og brått berre har ei, då er ein ganske hjelpelaus, seier Bodil.

Ville ikkje teke operasjonen

Tre av sakene har vore til vurdering i Helsetilsynet. Dei har konkludert med at operasjonane ikkje har vore fagleg uforsvarlege, men i ei sak har dei merka seg at kommunikasjonen mellom legen og pasienten ikkje har vore tilfredsstillande.I ei anna sak har informasjonen vore einsidig og mangelfull, medan ei sak no er til ny vurdering.

Bent Inge Mo

SMERTEFULLT: Bent Inge Mo har eit ope brot i underarmen som aldri kjem til å gro.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Minst åtte pasientar har prøvd saka si for Norsk pasientskadeerstatning. Ein av pasientane har fått erstatning for feilbehandling. Bent Inge Mo si sak vart avvist med den grunngjevinga at han villle teke operasjon, uansett kva informasjon han fekk på førehand. Dette avviser han totalt.

– Det hadde eg aldri kome til å gjort, og det skjønar vel dei fleste. Med dei plagene som eg har fått i ettertid og må gå med ope brot i høgre arm, så hadde eg i alle fall kome til å prøvd mange andre alternativ før eg hadde gått til ein slik operasjon.

Nektar å late seg intervjue

Michael Scavenius har jobba som kirurg i mange år, mellom anna ved sjukehusa i Esbjerg og Roskilde i Danmark. NRK har vore i kontakt med kirurgen fleire gonger, men han ønskjer ikkje å late seg intervjue på TV eller radio.

Michael Scavenius

LEGE: Michael Scavenius.

Foto: Helse Førde / Arkiv

Men han seier at det er beklageleg dersom pasientar har oppfatta informasjonen før operasjonane feil. Han syner og til at han har operert fleire tusen pasientar i sin karriere, og at han knapt aldri har fått klager frå pasientar.

Han hevdar også pasientane må ha samkøyrd sine historier, og at journalane vil syne at han er heilt uskyldig i det som kjem fram om etterverknadene etter operasjonane.

Meiner avslag er uforståeleg

For kona til Bent Inge Mo, Anita Mo, er det uforståeleg at ikkje fleire av dei handopererte pasientane hittil har fått erstatning.

Ho er utdanna fysioterapeut, og er skremd over at dei feila legen gjorde førebels ikkje har ført til konsekvensar. Sjølv vart saka deira avvist av Norsk pasientskadeerstatning, medan Helsetilsynet i Sogn og Fjordane har den til ny vurdering.

– Vi har hatt ei kjensle av at dei ikkje har gått gjennom journalane skikkeleg, det var masse feil i det første avslaget. Der stod det mellom anna at han var operert for eit brot i handleddet, det har han jo aldri hatt. Det var og sagt at det var slitasjegikt i handleddet, det var det helle ikkje. Så det har vore vanskeleg i det heile å få svar på det vi har spurt om. På desse tre åra har han hatt tre ulike sakshandsamarar. Det verkar som om dei ikkje har sett seg heilt inn i saka, meiner Mo.

Jon Bolstad

BEKLAGAR: Direktør I Helse Førde, Jon Bolstad, seier at dei vil stille all sin informasjon tilgjengeleg dersom ein no vil vurdere operasjonane til Michael Scavenius på nytt.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Fekk ikkje forlenga kontrakten

Direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, er ikkje villig til å konkludere med at Michael Scavenius gjorde ein dårleg jobb som kirurg i Helse Førde. Det var i alle fall ikkje årsaka til at han vart løyst frå kontrakten etter berre eit år i sjefsstolen.

– Det var nok todelt. Det eine var jo at det ikkje låg nokon automatikk i forlenging. Vi hadde rekruttert inn ein leiar for avdelingane. Det andre var at vi ikkje hadde noko behov for dei tenestene som han kunne yte vidare, seier Bolstad.

Han beklager likevel at så mange som minst ti pasientar føler at dei har fått dårleg oppfølgjing, og slett ikkje så godt resultat som dei vart lova før operasjonane.

– Eg har ikkje nok kunnskap om den einskilde pasient, men eg håpar jo at dei som tek kontakt på ulike måtar opplever å bli tekne på alvor. Aller helst ønskjer eg at dei har fått hjelp, og at situasjonen endrar seg, sler Bolstad fast.

Olav Strand

SLUTTA I JOBB: Olav Strand er no pensjonist. Men etter operasjonane i handa, måtte han leggje lastebilyrket på hylla.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vart overtala til operasjon

For Olav Strand frå Olden er dette ei mager trøyst. Den tidlegare lastebilsjåføren var i utgangspunktet svært skeptisk til å late seg operere. Men då han fikk vite at han skulle opererast av ein som kalte seg blant verdas beste, valde han å leggje handa under kniven.

– Operasjonen og alt gjekk fint, men etter ei stund så byrja det å verke og eg forstod at alt ikkje var så bra. Då var det tilbake til sentralsjukehuset i Førde, og det vart då bestemt at eg skulle ta ein ny operasjon, fortel nordfjordingen.

Han vart operert på nytt i januar 2010, med boltar inn gjennom beinet.

– Det gjekk eg med i seks veker. Når dei vekene var gått, så tok dei vekk gipsen og boltane, og eg håpa det skulle gå bra. Men det gjorde det ikkje. Eg har ikkje fått den orsakinga eg synes eg skulle hatt.