Hopp til innhold

Mange klagar på radon-tilbod

Jølster kommune åtvarar no innbyggarane i kommunen mot eit firma som ringer og tilbyr radonmåling av husa deira.

Skei
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Eit av salsargumenta skal vere at kommunen i desse dagar gjennomfører måling av radon i offentlege bygningar. Ordførar Oddmund Klakegg seier dei er blitt kontakta av fleire som er blitt oppringt av firmaet.

– Det er eit firma som har brukt som eit salsargument at dei driv med radon-målingar for Jølster kommune, og dei sel då desse målingane og til private. Mange har tatt kontakt med oss om dette og dermed så har vi funne ut at vi må gå ut å informere om at vi ikkje har noko med dette firmaet å gjere, seier Klakegg .

– Dei målingane som blir gjort i Jølster gjer kommunen sjølv i våre eigne bygningar.

Kva tykkjer du at nokon gir intrykk av dei gjer målingar for kommunen?

– Det syns vi ikkje noko om. Vi kjenner ikkje firmaet, og dei har heller ikkje noko oppdrag for oss. På denne måten så tar dei jo oss som eit slag sanningsvitne på deira seriøsitet. Det tykkjer eg ikkje noko om, seier Klakegg.