Hopp til innhold

Bønder fekk pengar dei ikkje hadde krav på - må betale tilbake

Fleire bønder må betale tilbake statsstøtte fordi dei ikkje følgjer regelverket.

Møkkaspreiing

FEKK FOR MYKJE: Mange bønder kryssar av på at dei har godkjende miljøplanar, utan at dei har det. På den måten for dei utbetalt for mykje statsstøtte.

Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

Dette viser stikkprøvekontrollar utført av fylkesmennene i Norge. Staten pungar årleg ut om lag 800 millionar til bønder i Norge med miljøplanar.

Werner Madsgård i Sogn seier han aldri prøvde å lure til seg pengar.

– Vi meiner at vi hadde gjødselplanar. Det var ikkje i våre tankar å lure seg til noko, seier Madsgård som sit i formannskapet i Vik for Arbeidarpartiet.

Gardbrukaren er ein av mange yrkesbrør kring om i landet som får utbetalt for mykje statsstøtte. Han må betale attende om lag 10.000 kroner fordi han har kryssa av på at han har ei fullverdig miljøplan, utan at i realiteten har det. Ein yrkesbror i Flora må til dømes betale attende 28.000 kroner.

Overraska bondelagsleiar

Per Hilleren

OVERRASKA: Bondelagsleiar Per Hilleren trur ikkje bønden juksar bevisst.

Foto: Arne Eithun / NRK

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren, er overraska.

– Å seie kor gale det er, det veit eg ikkje. Men det var overraskande, seier Hilleren.

Av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sine kontrollar på 11 tilfeldige gardsbruk i fjor, vart det funne avvik på ni av dei. På fire av gardsbruka var avvika så alvorlege at bøndene måtte betale attande statsstøtte.

Den mest vanlege feilen er at bøndene kryssar at på at dei har fullverdige miljøplanar, utan at dei i realiteten har det. Og dette er på ingen måte eineståande for Sogn og Fjordane.

Gjeld heile landet

Helene Haaland

SKUFFA: Fylkesagronom Helene Haaland likar ikkje at så mange har kryssa feil.

Foto: Bård Siem / NRK

Ein ringerunde NRK har gjort til ulike fylkesmenn i landet, viser at mange bønder kryssar av på at dei har godkjende miljøplanar, utan at dei har det. På den måten for dei utbetalt for mykje statsstøtte. Det seier Helene Haaland som er fylkesagronom i Sogn og Fjordane

– Det er litt skuffande, i og med at dette har vore heilt sidan 2004. Vi hadde gjerne trudd at meir var på plass, seier ho.

Avviser lureri

Bondelagsleiar Per Hilleren avviser at det er bevisst lureri frå bøndene si side.

– Det trur eg ikkje det er. Eg meiner det er uaktuelt å trekkje slike konklusjonar som du prøver deg på her.

– Men kva trur du er årsaka?

– Det kan vere ei forgløyming at folk ikkje har følgt dette godt nok opp.

Ingen oversikt over kor mange

Retningslinene frå Landbruks- og matdepartementet er at minst fem prosent av gardsbruka skal kontrollerast. Landbrukskontora i kvar einskild kommune står for dei fleste kontrollane, medan fylkesmennene berre tek enkelte stikkprøver.

Det finst ingen landsoversikt over kor mange bønder som bryt regelverket og må betale pengar attende, seier Lars P. Mauseth som leiar for kontrollseksjonen i Statens landbruksforvaltning.

– Vi har ingen oversikter på landsbasis over kor mange som må betale tilbake tilskot etter kontrollar, seier han.

– Det kan vere snakk om store summar, burde de ikkje ha ei landsoversikt?

– Jo, men vi har ikkje sett behovet. Det vil ofte vere ein lang prosess med å krevje tilbake, med både klage og for endeleg vedtak. Det er eit kapasitetsspørsmål om kor mange kontrollar ein skal ha.

Tykkjer det er urimeleg

Madsgård har ingen sans for at han må betale tilbake dei 10 000 kronene han på feilaktig grunnlag har fått utbetalt.

– Vi legg ned ufatteleg mange timar i dette bruket, dermed tykkjer vi det er urimeleg, seier han.

– Det blir kvart år utbetalt store summar til statstilskot til bøndene. Har du ikkje forståing for at dette må kontrollerast?

– Ja, det har eg, men vi har heile tida trudd at vi har hatt ei skikkeleg miljøplan.

– Men du har vel eit sjølvstendig ansvar for å krysse av søknadene på rett måte?

– Ja, det er rett. Eg har heile tida vore i god tru, seier han.