Hopp til innhold

Ein mista lappen - 39 fekk førelegg

40 bilførarar vart nokre kroner fattigare etter møte med politiet langs vegane i Sogn og Fjordane torsdag.

I ein trafikkontroll på fv. 60 ved Olden i Stryn mista ein bilførar lappen etter å ha køyrt i 88 km/ i 60-sona torsdag ettermiddag.

Litt tidlegare på ettermiddagen tok mannskap frå Utrykkingspolitiet oppstilling på E39 i Førde. Her mista ingen førarkortet, men mange fekk likevel svi for mindre alvorlege forhold.

Heile 34 gebyr vart skrivne ut for manglande bruk av bilbelte. Gebyret er på 1500 kroner. I tillegg vart det skrive ut fire forenkla førelegg for bruk av handhalden mobiltelefon, noko som kosta kvar av førarane 1300 kroner.

Ein person fekk førelegg for ikkje å ha køyrt med synleg kjennemerke. Skiltet som låg plassert i frontruta, kosta vedkommande 2000 kroner.