Hopp til innhold

Mange av oss lever farleg på glatta

Sjølv om vi veit det er livsfarleg ute, så legg vi i veg med glatte sko på speglblankt føre.

Video Broddar er ikkje kult

NETT-TV: Broddar er ikkje kult, og flesteparten av oss brukar det ikkje sjølv om det er såpeglatt ute. Og unnskuldningane for å droppe broddane er mange.

Broddar er eit godt alternativ, men ikkje alle føler for å gå med det. Dei fleste veit at broddar finst, men det er rett og slett ikkje kult nok.

– Det er litt ukult for det er slikt dei gamle går med. Broddar er ikkje noko for oss unge, seier Cecilie Skarstein.

Redde for å ramle

Tripping på glatta har blitt daglegdags dei siste vekene, og for mange har det gått gale. Mildrid Asperheim (82) ramla på isen og låg i over halvannan time før ho fekk hjelp. Snarturen til postkassa enda med lårshalsbrot.

Folk på gata i Førde er livredde for å tryne på den speglblanke isen, men brukar likevel ikkje broddar:

Ja, eg er relativt redd for å ramle. Det er jo ganske glatt ute.

Sondre Stafsnes

Ja visst er eg redd for å dette på glatta. Eg vil ikkje på sjukehus.

Ranveig Gustafsson

Butikksjef også utan broddar

Det er ikkje så veldig lurt med sommarsko på glattisen. Alternativet er både enkelt og billeg, men sjølv butikksjef Arne Runde ved Førde Sport, som har gått på trynet i vinter, brukar ikkje broddar.

– Dei er enkle å ta på. Men eg brukar det ikkje sjølv, kanskje fordi eg ikkje går så mykje på glatta, seier Runde.

Broddar er ikkje kult

ENKLE Å TA PÅ: Butikksjef Arne Runde ved Førde Sport viser kor enkelt det er å ta broddane på.

Foto: Steinar Lote / NRK