Hopp til innhold

Målrikt i Måløy

Det vart skåra heile åtte mål i Måløy laurdag ettermiddag då Tornado Måløy møtte Stryn.

Stryn vann kampen 5-3 i det strynetrenar Jon Terje Kjellaug kallar ein typisk serieopningskamp.

- Det vart lite finspel og mykje jobbing, men vi er nøgde med at vi kunne reise heim med tre poeng.

Les også: Målrikt i første runde

Trenaren framhevar spesielt ein av spelarane i dag.

- Kåre Balsnes gjorde ein fantastisk jobb i dag, og for meg vart han banens beste.

- Vinn fortent

Tornado Måløy leia 2-0 før Stryn klarte å snu kampen. Ved pause var stillinga 2 - 2.

- Er du nøgd med kampen?

- Eg er nøgd med at vi klarar å hente oss inn igjen og at vi skåra fem mål. All ære til gutta som står på og til slutt vinn vi fortent. Men eg er ikkje nøgd med at vi sleppte inn tre mål og sette poenga i fare på den måten.

- Dårleg bane

Strynetrenaren er kritisk til bana dei spelte på i dag.

- Det går ikkje an å spele fin fotball på ei slik dårleg grasbane. Det prega både oss og Tornado. Vi måtte snu opp-ned på mykje av det vi trenar på til dagen. Det vart ein skikkeleg jobbekamp med mykje "kriging" og lange ballar. Vi fekk heller ikkje rytme i det offensive spelet vårt

Føler dei blei straffa hardt

Trenar for Tornado Måløy, Geir Ove Refvik, er ikkje samd i banen var så dårleg.

- Eg tykkjer ikkje at det var ein tung bane, eg er heller imponert over bana til at det er såpass tidleg i april.

- På høgde med Stryn

Men han er ikkje nøgd med kampen i dag.

- Eg er sjølvsagt ikkje nøgd med at vi taper, og føler vi blir forferdeleg straffa for nokre få personleg feil som gjer at Stryn klarar å skåre mål. Spelemessig var vi fullt på høgde med Stryn. Vi skåra tre mål og leia 2-0, så det var ekstra surt å tape i dag.

Gisle Myhre hadde tre målgjevande pasningar og eit skot i tverrliggjaren.

- Gisle Myhre, Sveinung Frantzen og Per Jarle Mathisen får godkjent i denne kampen, seier Refvik som tykkjer at laget presterte bra offensivt.

Her er målskårarane i kampen:

Tornado Måløy - Stryn 3 - 5

  • 5. minutt: 1 - 0 ved Per Jarle Mathisen
  • 35. minutt: 2 - 0 ved Per Jarle Mathisen
  • 42. minutt: 2 - 1 ved Christian Holko
  • 45. minutt: 2 - 2 ved Mathias Eikenes
  • 50. minutt 2 - 3 ved Mathias Eikenes
  • 58. minutt 2 - 4 ved Kåre Balsnes
  • 65. minutt: 3 - 4 ved Leif Arne Iversen - Gisle Myhre har hatt tre målgivande pasningar i dag.
  • 72. minutt: 3 - 5 ved Christian Holko