31. august markerte eit magisk skilje for mange barnefamiliar. For born som vert fødde frå 1. september har ikkje lovfesta rett på barnehageplass året etter.
Gregers Halvorsen frå Førde held stolt si nyfødde dotter. Ho vart fødd klokka 19.15 den 31. august og såleis akkurat tidsnok til å til å få rett til barnehageplass til neste år.
– På hengande håret
– Det er klart det at ein har forstått betydinga av å få barnehageplass og det var heilt klart eit stort ynskje. Og det var på hengande håret for å seie det sånn, seier Halvorsen.
– Ville det vore litt "surt" om ho kom dagen etterpå?
– Ikkje surt, men kanskje litt kjedeleg, men vi er i ekstase alle saman. Dette er noko heile familien har gått å venta på så det er heilt fantastisk.
Akkurat litt for sein
Medan den vesle jenta til Gregers Halvorsen vart fødd innanfor tidsfristen, vart den vesle guten til Kjell-Robert Larsen og Ingjerd Brandsøy-Larsen akkurat litt for sein.
Han vart fødd 10.59 den 1. september, men for den lukkelege familien spelar det ikkje så stor rolle.
UTAN BARNEHAGEPLASS: Den nyfødde sonen til Brandsøy-Larsen vart fødd 1. september og har dermed ikkje lovfesta rett på barnehageplass neste år.
Foto: Hilde Anita Røyrvik / NRK– For oss personleg har det ikkje så mykje å seie. Vi synest det er litt tidleg å sende ungane i barnehagen i så tidleg alder, seier Larsen.
Larsen jobbar på sjøen og er ofte heime i lengre periodar, men han har stor forståing for mange andre som ikkje har høve til det.
– Vi høyrer jo om mange andre som likar denne regelen dårleg, og den byr nok på utfordringar for mange, seier Larsen.
– Skeivt fordelt
Alle born som er fødde seinast 31. august har etter søknad rett til plass i barnehagen året etter. Det hjelper lite for Kine Straume Skagen som har termin 1. november.
– Det er jo litt urettferdig. Alle born kan jo ikkje verte fødde før den 31. august. Då vert det jo litt skeivt fordelt, seier Straume Skagen.
– Om du kunne fått velje da? Skulle du ynskje at du hadde hatt termin før 1. september?
– Litt både og faktisk. Det er jo slik at det hadde vore praktisk å kunne sende ungen i barnehagen når permisjonen er slutt, men samstundes er det jo greitt å kunne få høve til å vere litt ekstra heime, men då burde du fått dekka det når du ikkje har moglegheit til å sende dei til barnehagen før, seier Straume Skagen.
Straume Skagen og mannen jobbar begge i turnus og dei ser føre seg at det kan føre til utfordringar utan barnehageplass.
– Vi har jo familie her, men ikkje så mange, så det kan bli litt utfordringar med å få folk til å stille opp på kort varsel, fortel Straume Skagen.
Sjukehusa merkar trykket
Sjukehusa over heile landet merkar trykket før den 31. august og sommarmånadene er dei mest travle.
– Ja det er klart vi merkar det at det hopar seg opp, og då blir det jo meir hektisk, seier overjordmor ved Førde føde- og barselavdeling Hildegunn Ryssdal.
Ryssdal har enda ikkje vorte kontakta av foreldre som ynskjer å få keisarsnittet utført før 31. august, men ho ser ikkje vekk frå at ønsket kan komme på eit eller anna tidspunkt.
– Det er klart at når folk er i jobb så har dei lyst på barnehageplass, så det er ikkje urimeleg at det kan påverke, seier Ryssdal.
– Godt privilegium
Tilbake på fødeavdelinga er Gregers Halvorsen glade for at den fyrstefødde kom før den 1. september.
FÅR PLASS: Dottera til Gregers Halvorsen vart fødd akkurat tidsnok til å få lovfesta rett på barnehageplass neste år.
Foto: Hilde Anita Røyrvik / NRK– Vi var heldige sånn sett då, men i det store og det heile så betyr det jo ikkje noko, men det er vel eit godt privilegium kanskje om ein kan seie det sånn, meiner Halvorsen.
Kine Straume Skagen derimot kan allereie førebu seg på å finne andre løysingar enn barnehage.
– Det burde vore barnehageplass til alle uansett når på året dei er fødde, seier Straume Skagen.