Hopp til innhold

Magert ransutbyte i Naustdal

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det vart ikkje rare utbytet på dei som gjorde innbrot to stader i Naustdal og ein stad i Førde i helga.

Tjuvane fekk med seg små kontantsummar og hårvoks.

– Har leita etter pengar

Innbrota vart oppdaga måndag morgon. I Falkenstein Blomster i Naustdal var det vekke nokre vekslepengar. Frå Fønix frisørsalong rett over vegen vart det stole hårvoks, fortel innehavaren, Marit Stubhaug.

– Det er eigentleg lite som er vekke, dei har berre teke noko voks, så det tyder vel på at det har vore gutar på ferde. I tillegg har dei leita etter pengar, for det er rota litt til. Men pengar har vi ikkje liggande.

I Førde var det vekke eit mindre kontantbeløp frå Hagemiljø, det er berre snakk om nokre hundrelappar, fortel politibetjent Kjell Bolsø.

Han seier dei har sikra seg nokre avtrykk frå innbrotsstadene, og politiet ber om tips dersom nokon har sett eller høyrt noko mistenkeleg i nærleiken av innbrotsstadene.