Hopp til innhold

Madelene strålande glad etter MGP

- Ei fantastisk oppleving, seier Madelene Berg frå Eid etter Melodi Grand Prix-finalen laurdag kveld. Men ikkje sikkert at ho får vere med på den internasjonale finalen.

Didrik Solli-Tangen

Madelene Berg frå Eid står som nummer to frå venstre.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Didrik Solli-Tangen

Didrik Solli-Tangen jublar etter at sigeren var eit faktum

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

17-åringen frå Eid stod laurdag kveld på scena saman med Didrik Solli-Tangen som vann den norske finalen. Ho og fire andre spelte fiolin på songen «My Heart Is Yours».

Ho fortel om ein kveld med mykje liv og mykje applaus.

- Det var heilt fantastisk og kjempemorsomt. Men eg er skikkeleg trøtt i dag etter fest og nachspiel etter finalen, fortel ho.

Vann suverent

6000 elleville publikummarar såg Solli-Tangen drog sigeren i land. Først gjekk dei til gullfinalen saman med tre andre artistar. Den vann han suverent med 466 675 stemmer, nesten dobbelt så mange som A1 på andreplass.

- Trudde du at han kom til å vinne?

- Eg har trudd det heile tida, sjølv om eg vart litt usikker mot slutten. Men stemmen hans er fantastisk og eg rekna med at det kom til å gå bra. Det var også mange aviser som skreiv at han var folkets favoritt.

- Det største innan show

Ho er til vanleg student ved Barrat Due musikkinstitutt i Oslo saman med Solli-Tangen.

- Eg kjenner han sidan vi går på same skule, han er ein veldig hyggeleg fyr.

Til vanleg spelar ho klassisk muskk, så dette vart ei anna oppleving. Sjølv om det naturleg nok var hovudpersonen som har fått mest merksemd, så har det blitt litt på dei andre på scena også

- Eg har opplevd mykje stort innan klassiske ting, men dette er det største eg har opplevd innan show.

Håper å få bli med til finalen i mai

No skal Didrik Solli-Tangen representere Norge under Eurovision Song Contest-finalen i Telenor Arena den 29. mai. Men Madelene er ikkje heilt sikker på om ho står på scena då.

- I kontrakten vår står det at det ikkje er sikkert at vi blir med. Men eg håper jo det sjølvsagt, det har vore veldig kjekt hittil. Viss Didrik har noko han skulle sagt, så reknar eg med at han ikkje kuttar oss fiolinistane ut.

Les alt om Melodi Grand Prix-sirkuset her

Video nsps_upload_2010_2_7_0_13_24_1355.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå vinnarintervjuet med Didrik Solli-Tangen.