I går vart eit forslag frå Venstre, KrF og Høgre om å utsetje flyttinga nedstemt i formannskapet. Svært synd, meiner KrF-representant Helge Torstad, som er på den tapande sida i striden om flytting av psykisk utviklingshemma i Sogndal.
Sterk motstand
Haugehuset er eit dagsenter som aktiviserer psykisk utviklingshemma. Tilbodet har eksistert sidan 1986, og brukarane er svært knytte til lokala. Difor har det vore stor motstand mot å flytte tilbodet til omsorgssenteret. Saman med Venstre og Høgre sine representantar føreslo Torstad på formannskapsmøtet i går å utsetje flyttinga til nyttår. Då kunne politikarane komme tilbake til saka i neste økonomiplan og budsjett.
Ikkje nye sjansar
Men dei tre - og med dei, pårørande og brukarar - vart altså ikkje høyrde. Det er smått med nye sjansar til å påverke, for saka kjem ikkje opp i kommunestyret att. Bjørg Rimeslaatten i Venstre hadde håpa på ei utsetjing for i det minste å gjere overgangen mjuk for brukarane og ta dei med på råd.
Stram økonomi
På spørsmål om ordførar Karen Marie Hjelmeseter ikkje ser den menneskelege sida av saka, viser ho til at kommunen er nøydde til å kutte der dei kan. - Vi har stram økonomi i kommunen, og alle einingane våre må skjere ned, seier ho. Men ordføraren er samstundes trygg på at ho har vore med på å sikre menneska dette gjeld eit tilbod som held mål.
- Alle vert skadelidande
Men Margit Bødal, medlem av Sogndal Eldreråd, trur ikkje at brukarane får eit betre tilbod. Ho trur både dei eldre og dei psykisk utviklingshemma blir skadelidande når brukarane på Haugehuset blir flytta til Sogndal omsorgssenter. Ho forstår at kommunen må spare pengar, men meiner 150.000 kroner på eit år er lommerusk.