Hopp til innhold

Må avlyse Alternativ Jul

Mangel på frivillige gjer at arrangementet Alternativ Jul i Florø i år blir avlyst.

Altjul Florø

IKKJE I ÅR: Glade born har fått ein smak på den norske jula under Alternativ Jul i Florø. I år blir det inga feiring i samfunsshuset julaftan. Arkivfoto

Foto: Altjul

I tre år på rad har eldsjeler arrangert julefeiring for einslege, innvandrarar og andre som vil søke saman på julaftan. I fjor deltok heile 120 personar.

– Vi får for lite medarbeidarar til å vere med på arrangementet, så i år må vi desverre avlyse, seier intitiativtakar og styreleiar i Alternativ Jul, Herdis Seim.

Mange etterlyser feiring

Med to berre to fulltids- og fire deltidsmedarbeidarar maktar ikkje organisasjonen å halde den ferske tradisjonen i hevd. Seim synest det er sterkt beklageleg.

– Det er mange som har tykt om dette. Behovet er der og vi har fått tilbakemeldingar frå folk som vil komme om kvifor vi ikkje skal ha det i år.

Julefeiringa i Flora samfunnshus er meint som eit alternativ for folk som ikkje feirar jul heime hos seg sjølv.

– Vi har gjort dette for dei som ikkje har ei slik jul som dei kunne tenkt seg. I tillegg er det meint som ein introduksjon av jula for flyktningar og andre utlendingar, seier Seim.

Prøver igjen neste år

Ho er klar på at toget for årets arrangement er gått, men gir ikkje opp tanken på å få i stand alternativ julefeiring neste år.

– Vi gir oss ikkje. Vi tek ein pause, så ser vi om vi får tilbake melding frå folk neste år. Kanskje må vi vurdere å splitte opp arrangementet med ulike arrangement for innvandrarar, eldre og folk frå rusmiljøet, seier Seim.

Organisasjonen Alternativ Jul sender tradisjonen tru ein lastebil med julegåver til fattige i Romania, også denne jula.