Hopp til innhold

Xzwer blir kommersiell

Rapparen Xzwer frå Florø endrar stil og blir meir kommersiell.

Xzwer
Foto: Erling Mot Korsnes.

Michael Kildal, som han eigentleg heiter, har no starta samarbeid med musikar og produsent Eirik Molnes Husabø i kystbyen.

-Berre hits

- Det vi jobbar med no er berre hits. Ganske forskjellig frå det eg har laga tidlegare sa Xzwer då han besøkte musikkredaksjonen i desember. Høyr heile Luttsendinga i desember. .

Det er poesi

Xzwer smykke
Foto: Erling Molt Korsnes.

Det rapparen tidlegare har produsert har vore både på dialekt, og med grovare språk enn det han no lagar.
- Det spelar ikkje noko rolle korleis eg rappar, berre eg får rappe. Det er poesi eg driv med, seier Xzwer.

Håpar på plate i 2009

- Håpet er å få det ut på plate i løpet av 2009. Når vi er ferdige i studio skal vi ut og presentere materialet for plateselskap, seier Kildal.

Rapparen har også vore kontroversiell for tekstane sine. Mellom anna vart han i førre månad trua med politimelding for ein av tekstane sine.