Hopp til innhold

Kan vinne spellemannspriser

To grupper frå Sogn og Fjordane kan vinne kvar sin spellemannspris.

Good Time Charlie stagediving

Good Time Charlie

Foto: NRK

På ein pressekonferanse på Hotel Continental i Oslo tysdag føremiddag vart det avslørt kven som er årets nominerte i dei ulike kategoriane.

Danseband og blues

Steinar Engelbrektson Band

Steinar Engelbrektson

Foto: Magnus Stokka / NRK

Og mellom dei utvalde er bluesgruppa Good Time Charlie med plata Mojo Energy. Dei er nominerte i blues-klassen saman med Orbo & The Longsshots og Rita Engedalen.

Dansebandet Steinar Engelbrektson Band frå Sandane er også mellom dei heldige. Dei er nominerte med plata Rabalder i klassen Danseorkester saman med gruppene Ingemars og Sogns.

- Vart heit i hovudet

Steinar Engelbrekston er glad for nominasjonen til den gjevaste musikkprisen i Norge.

- Eg var heit oppi hovudet. Dette var skikkeleg moro.

Han seie at det betyr mykje å bli plukka ut får kvalitet.

- Dette kan vi bruke framover. Uansett korleis det går under utdelinga, så er vi lukkeleg med å bli nominerte, seier Engelbrektson som har tenkt seg til Oslo Spektrum under utdelinga.

- Ei ære

Like glad for nominasjonen er vokalist Arle Hjelmeland i Good Time Charlie.

- Berre det å bli nominert er hyggeleg og viktig. Det er ei ære og eit teikn på kvalitet.

Førre gong dei gav ut plate vart dei ikkje nominerte, noko Hjelmeland var skuffa over.

- Det var diskusjonar på nett i fleire månader etterpå fordi vi ikkje vart nominerte. Eg vart skuffa, men tenkte at det var å komme sterkare tilbake neste gong.

Håper å nå ut til fleire

Hjelmeland seier at det er stas å bli nominert denne gongen fordi dei har jobba med eit nytt musikalsk uttrykk.

- Vi har med nye typar låtar, og vi håper vi kan nå ut til fleire med plata som vi har fått gode anmeldelsar for.

Også han og resten av gruppa reiser til Oslo når spellemannsprisane for 2008 vert delte ut laurdag 24. januar.

Høyr: Steinar Engelbrekston og Arle Hjelmeland er glade for nominasjonane til Spellemannsprisen