Hopp til innhold

Idol-Vegard suste vidare

«Eg er framleis fan», sa Idol-dommar Marion Ravn. Og det er tydelegvis fleire óg, for værlendingen Vegard Leite er vidare i Idol-sirkuset. I Værlandet var halve bygda samla til fest på puben til tante Gry.

Vegard Leite Finalist

PÅ VEG: Vegard Leite frå Værlandet er hakket nærare i platekontrakt med Universal.

Foto: Thomas Reisæter / Idol 2011, fra semifinalen

- Dette er heilt fantastisk og kjempekjekt, seier tanten til Vegard Leite, Gry Leite.

Ho driv Værlandet Gjestehamn og hadde puben stappfull med gjester som såg Idol-sendinga på storskjerm.

Då NRK snakka med ho minuttar etter at Idol-resultatet var klart, var stemninga alldeles i taket.

- Pulsen min no bør nok helst ikkje målast, ler Leite.

Fullt hus både oppe og nede

Ho hadde håpt på at nevøen skulle gå vidare, men la ikkje skjul på at gleda var stor då resultatet var eit faktum.

- Stemninga har vore på topp. Her er det fullt hus med folk både oppe og nede, fortel Leite.

Ho hadde for anledninga laga haugevis med Idol-pizza, og sjølv om spenninga tidvis var til å ta og føle på, var iallfall matlysta på topp.

Vegard Leite Finalist

VART HYLLA HEIME: Både slekt og vener samla seg i Værlandet for å stemme fram Vegard Leite. Etterpå var det full feiring på puben.

Foto: Bjørgli&Bergersen / Idol 2011

- Vi har selt i bøttevis, ler Leite.

Ho er klar på at det ikkje berre er flott for Værlandet at Vegard er med i Idol.

- Det er utruleg kjekt at ein beskjeden sunnfjording kan komme så langt på eit opplegg som dette. Og så er det knallreklame for heile kommunen, for Værlandet og for puben min, ler Leite.

Bestemora kom frå Haugesund

Ho er klar på at det er Vegard sin eigen innsats å takke at han er der han er.

- Gitaren var det siste han tok i før han gjekk på skulen og det første han tok i når han kom heim. Han har øvd og øvd, hatt flink musikklærar og flotte foreldre, seier Leite.

På Idol-puben var både bestemora frå Haugesund, familie frå Måløy og venner frå Ortnevik og Høyanger.

- Det er utruleg samlande. Alle har eit felles mål, seier Leite, som lovar Idol-pub i Værlandet så lenge nevøen er med.

- Å ja. Vi skal stå på. Og vi håpar han går til topps, seier ei svært stolt tante.

Fekk harry-stempel

Vegard Leite har tidlegare fått høyre frå dommarane at han siktar for lågt når han snakkar om å syngje på pub. Det vart også nemnt under finalen fredag. Leite gjorde sin eigen versjon av Bon Jovi sin «Bed of Roses».

– Du gjekk litt i pub-fella, men du har utan tvil ein stemmekvalitet som det berre er å beundre, meinte Zetlitz

Hans Erik Dyvik Husby har eit sterkt forhold til Bon Jovi, og frykta ein dårleg kopi, men den gang ei.

– Du har det vinnande smilet heile tida. Eg er ein god, gammal Bon Jovi-fan og når eg tidlegare har høyrt Idol-deltakarar syngje Bon Jovi, har eg vorte lei meg og skuffa. Du gjorde meg veldig, veldig glad , sa Dyvik Husby.

Også Gunner Greve Pettersen nemnde Leites pubaktige syngestil.

– Du har ein skyhøg harry-faktor, og går i pub-fella. Men du har ei stemmeprakt utanom det vanlege. Det du gjer her i kveld er rett og slett fantastisk, sa Greve Pettersen.

Neste fredag er det ny finalerunde på TV2.